[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Song Shan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Song Shan

Song Shan (kinesisk: 嵩山; pinyin: Sōngshān) er ei fjellkjede i Dengfeng i provinsen Henan. Fjellkjeda, som er 60 km lang og strekker seg parallelt med Huang He på sørsida av elva, er det midterste av Kinas fem mektige fjell, eit uttrykk for ei oppfatning som har røter tilbake til taoismen. Høgste toppane når opp i vel 1 500 meter over havet.

I Song Shan finst mange kulturelt viktige tempel og andre anlegg. Det mest kjende tempelet er Shaolintempelet, der munkane har utvikla og framleis praktiserer gamle kinesiske kampsportar som qigong, qinggong og andre former for kung fu. Her finn ein også dei to eldste bevarte astronomiske observatoria i Kina, samt over 2 000 steleinskripsjonar.