[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Natalja Kutsjinskaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Natalja Kutsjinskaja


Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 8. mars 1949 (75 år)
St. Petersburg
Idrett turn
Tok del i gymnastics at the 1968 Summer Olympics – women's artistic individual all-around, gymnastics at the 1968 Summer Olympics – women's balance beam, gymnastics at the 1968 Summer Olympics – women's floor
Utmerkingar Idrettens mester i Sovjetunionen

Natalja Aleksandrovna Kutsjinskaja (fødd 8. mars 1949) er ein russisk tidlegare turnar frå Leningrad som representerte Sovjetunionen. Ho vann tre gullmedaljar ved Turn-VM 1966 og to i Sommar-OL 1968.

17 år gammal vann Kutsjinskaja medalje i alle seks tevlingane ved verdsmeisterskapen i Dortmund hausten 1966. Ho vann øvingane bom, frittståande og skranke, medan det vart sølv i mangekampen bakom Věra Čáslavská og i lagkampen, samt bronse i hopp. Året etter fekk ho med seg to sølvmedaljar frå europameisterskapen i Amsterdam. Under dei olympiske sommarleikane 1968 i Mexico-byen vart ho olympisk meister på bom og i lagkampen med Sovjetunionen. I tillegg tok ho bronse i mangekampen og i frittståande.

Ho utvandra til USA i 1990-åra.