Nordre Land kommune
Nordre Land kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Adm.senter | Dokka | ||
Areal | 955 km² | ||
• land | 925 km² | ||
• vatn | 30 km² | ||
Folketal | 6 510 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Ola Tore Dokken (Sp) | ||
Kommunenr. | 3448 | ||
Nordre Land kommune 60°50′05″N 10°04′31″E / 60.834722°N 10.075278°E | |||
Kart som viser Nordre Land kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Nordre Land | |||
Nettstad: www.nordre-land.kommune.no |
Nordre Land kommune er ein kommune i Innlandet fylke. Kommunen grensar i nord til Nord-Aurdal og Gausdal, i nordaust mot Lillehammer, i aust mot Gjøvik, i sør mot Søndre Land, i sørvest mot Sør-Aurdal, og i vest mot Etnedal. Kommunen høyrer til landskapet Land.
Personar som kjem frå Nordre Land kommune blir kalla for nordrelending.
Areal og befolkning
[endre | endre wikiteksten]Per 2007 var 41 % av innbyggjarane busett i tettbygde strøk. Dei fleste nordrelendingar bur i og rundt kommunesenteret Dokka med 2 928 innbyggjarar per 1. januar 2023. Elles er det spreidd busetnad i Vest-Torpa, Nord-Torpa og Aust-Torpa.
Nordre Land kommune svarar til området for Nordre Land prestegjeld, i Hamar bispedømme.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Frå 1837 låg Nordre Land i Land formannskapsdistrikt. I 1847 vart dette delt i Nordre og Søndre Land formannskapsdistrikt. Land hadde 9199 innbyggjarar da distriktet vart delt. 1. januar 1914 vart Nordre Land delt ved at Torpa vart skilt ut som eigen kommune.
1. januar 1962 vart kommunane Torpa og Nordre Land, i tillegg til krinsen Tranlia og eigedomen Store Røen frå gamle Fluberg kommune (til saman 196 innbyggjarar i Fluberg-områda) slegne saman til dagens Nordre Land kommune.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Innsjøane Randsfjorden, Dokkfløyvatnet og Akksjøen ligg i kommunen. Dokkaelva renn frå Dokkfløyvatnet i nord og ned gjennom Torpa og mot tettstaden Dokka, og vidare ut i Randsfjorden. Denne elva er regulert. Elva Etna renn frå nabokommunen Etnedal i vest, gjennom Nordsinni, før ho også renn ut i Randsfjorden. Denne elva er ikkje regulert.
Kommunevåpen
[endre | endre wikiteksten]Kommunevåpenet vart vedtatt i 1986. Det viser to gule tømmerfløytarhaker på blå grunn. Reiskapen vart vald som symbol på kommunevåpenet sidan han speglar den lange historia med tømmerfløyting i Randsfjordsvassdraget. Grafikaren Dag Magne Staurheim designa motivet.[1]
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nordre Land» frå Wikipedia på bokmål, den 7. juni 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Kommunevåpen for Nordre Land - nordre-land.kommune.no, arkivert frå originalen 24. juli 2011, henta 7. juni 2011