[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Myrflangre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Myrflangre

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt truga

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Epipactis
Art: E. palustris
Vitskapleg namn
Epipactis palustris
(Linné) Crantz
Økologi
Habitat: kalkrik myr
Utbreiing: Europa, nordvest-Afrika, Kaukasus, vest-Sibir

Myrflangre (Epipactis palustris) er ei planteflangreslekta Epipactisorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2]

Myrflangre
Nærbilde av blomane (Epipactis palustris var. ochroleuca)

Denne orkidéen har ein heilt spesiell utsjånad, med store kvite blomstrar og ei grasiøs utforming har blant anna botanikaren Axel Blytt rekna han for å vera den vakraste blomeen i Noreg. Han blir ikkje så høg, rundt 40 centimeter, men han er slank og har lange, smale blad.

Blomstrane til myrflangre er kvite, store og sit i aks på rundt ti blomstrar. Samla gjer dei eit stort inntrykk. Myrflangre har jordstenglar.

Ein finn han i Europa, Nordvest-Afrika, Kaukasus og Vest-Sibir

Myrflangre er knytt til kalkrik (alkalisk) myr, samtidig som han er varmekjær. Svært mykje kalkrik myr har blitt dyrka opp, og det har ført til at myrflangre har blitt utrydda mange stader. Arten har nå få veksestader igjen i Noreg. Ein berømt veksestad der han framleis finst er Slåttemyra i Nittedal kommune i Akershus fylke.

Arten veks nå rundt Oslofjorden og i Rogaland.[3] Sidan habitatet til arten framleis er truga, er myrflangre totalfreda i Noreg.[4] Myrflangre er også raudlista som sterkt truga (EN).[5]

Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn kärrknipprot),[6] i Danmark (NT, dansk namn sump-hullæbe)[7] og i Finland (EN, finsk namn suoneidonvaippa).[8]

Myrflangre (engelsk namn marsh helleborine) veks spreidde stader i England, Wales, Skottland og Irland. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC).[9][10] Lokalt er han nær truga (NT) i England,[11] men livskraftig (LC) i Skottland og Wales.[12][13]

I Estland (estisk namn soo-neiuvaip) er myrflangre vanleg over heile landet og er rekna som livskraftig (LC).[14] Det er òg registrert ein varietet E. palustris var. ochroleuca sør i landet.[15] I Latvia (latvisk namn purva dzeguzene)[16] er arten temmeleg vanleg over heile landet på opne og halvopne fuktige stader. På den latviske raudlista er han klassifisert med usikker status (kategori 4 – nepietiekami pētītas).[17] I Litauen (litauisk namn pelkinis skiautalūpis) veks arten over heile landet og er ein av dei mest vanlege orkidéartane i landet.[18] Han er rekna som livskraftig.[19]

I Benelux veks arten (nederlandsk namn moeraswespenorchis, fransk namn épipactis des marais) spreidde stader i Nederland, særleg nær kysten, men er i tilbakegang. I Flandern i Belgia finst han òg mest nær kysten, medan han i Vallonia mest er å finne i Ardennane.[20][21] I den nederlandske raudlista er arten rekna som sårbar (VU, kwetsbaar).[22] I Belgia er han rekna som nær truga (NT, bijna in gevaar) i Flandern og kritisk truga (CR, menacé d'extinction) i Vallonia.[23][24] I Luxembourg er han rekna som sterkt truga (EN).[25]

Hybriden mellom myrflangre og raudflangre (Epipactis atrorubens × palustris eller Epipactis ×pupplingensis)[26] er registrert i Sverige.[27]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar myrflangre». Artsdatabanken. Henta 4. mars 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre myrflangre». Artsdatabanken. Henta 4. mars 2022. 
  3. «Artskart: Myrflangre, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 4. mars 2022. 
  4. «Forskrift om fredning av truede arter». Lovdata. 21. desember 2001. Henta 4. mars 2022. 
  5. «Raudlista: Myrflangre». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 4. mars 2022. 
  6. «Artfakta: Epipactis palustris kärrknipprot». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022. 
  7. «Naturbasen: Sump-Hullæbe Epipactis palustris». Naturbasen. Henta 7. mars 2022. 
  8. «LAJI: Epipactis palustris». LAJI.FI. Henta 7. mars 2022. 
  9. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  10. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  11. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  12. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  13. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  14. «eElurikkus: Epipactis palustris» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 3. februar 2023. 
  15. «eElurikkus: Epipactis palustris var. ochroleuca» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 4. februar 2023. 
  16. «Latvijas daba: purva dzeguzene» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 3. februar 2023. 
  17. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 3. februar 2023. 
  18. Zigmantas Gudžinskas (2001). «Diversity, state, and protection of Orchidaceae species in Lithuania». Jour. Eur. Orch. 33 (1): 415–441. ISSN 0945-7909. 
  19. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 68-69. ISBN 9986-662-28-1. Henta 3. februar 2023. 
  20. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Epipactis palustris». FLORON. Henta 17. januar 2024. 
  21. «Verspreidingskaart: Moeraswespenorchis – Epipactis palustris». Waarnemingen.be. Henta 19. januar 2024. 
  22. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  23. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  24. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  25. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 
  26. «PoWO: Epipactis × pupplingensis». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 
  27. «Artfakta: Epipactis atrorubens × palustris purpurknipprot × kärrknipprot». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]