[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Mingrelsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mingrelsk
მარგალური ნინა margaluri nina
Klassifisering Kartvelsk
Talarar Mingrelar
Bruk
Tala i Georgia
Mingrelsktalande i alt 290 000[1]
Skriftsystem Georgisk
Språkkodar
ISO 639-3 xmf

Wikipedia på mingrelsk

Mingrelsk er eit kartvelsk språk som vert tala i låglandet vest i Georgia[1] av mingrelar. Det er nærskyldt med lazisk, og dei to språka vert stundom viste til som eitt språk, zan, sjølv om dei i utgangspunktet ikkje er innbyrdes forståelege.[1] Mingrelsk er òg i nær slekt med georgisk.[2] Mingrelsk vert rekna som eit truga språk av UNESCO.[3]

Mingrelsk er hovudsakleg eit munnleg språk utan ein lang skrifttradisjon. Det har ikkje eit offisielt skriftssystem, men vert skrive med det georgiske alfabetet.[1][2] Tradisjonelt har alle kartvelarar i Georgia brukt georgisk som skriftspråk. Dei eldste mingrelske tekstane blei nedskrivne på 1800-talet, og inneheld gjerne soger, folklore og diverse etnografisk litteratur.[4] På 1930-talet kom det ut fleire aviser på mingrelsk. I nyare tid har det vore gjeve ut ein del ordbøker og mingrelsk litteratur, som poesi.

Språkdøme

[endre | endre wikiteksten]

Frå eit mingrelsk folkedikt:[5]

iro mulas itsj'aruki, 'du skriv alltid at du skal koma'
iro mulas itsjina. 'du sender alltid melding om at du skal koma'
komits'ii, golvapiro, 'ver så snill, sei meg'
muzjamisja gighina 'kor lenge må eg venta på deg?'
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Ethnologue report for language code: xmf»
  2. 2,0 2,1 «mingrelsk» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. «UNESCO Atlas of the World's Languages in Danger»
  4. Karina Vamling, Megrelian and Megrelia, project.sol.lu.se
  5. Apollon Silagadze, «On Megrelian Verse», BULLETIN OF THE GEORGIAN NATIONAL ACADEMY OF SCIENCES, vol. 6, no. 1, 2012