McDonald’s
McDonald’s | |||
| |||
McDonald's-resturant på Tiller i Trondheim. | |||
Skipa | 15. mai 1940 | ||
---|---|---|---|
Eigar | BlackRock[1] | ||
Hovudkontor | Chicago,[2] Illinois | ||
Land | USA[3] | ||
Produkt | Snøggmat | ||
Grunnleggjar(ar) | Ray Kroc | ||
Adm.dir. | Don Thompson (1. juli 2012), Steve Easterbrook (1. mars 2015), Jim Skinner (2004), Charlie Bell (april 2004), Jim Cantalupo (2002), Fred L. Turner (1974), Ray Kroc (1955) | ||
Salsinntekter | 9 371 000 000 USA-dollar (2022)[4] | ||
Omsetnad | 9 371 000 000 USA-dollar (2022)[4] | ||
Resultat | 6 177 400 000 USA-dollar (2022)[4] | ||
Marknadsverdi | 173 430 000 000 USA-dollar (8. april 2021)[5] | ||
Nettstad | https://www.mcdonalds.com (engelsk) |
McDonald's Corporation er ei amerikansk snøggmatkjede som sel hamburgerar, pommes frites og liknande. Kjeda er den største på området i verda og omfattar over 31 000 restaurantar i om lag 120 land, dei fleste baserte på franchising. McDonald's er fleire stader i verda blitt eit symbol for aukande globalisering og eksport av amerikansk kultur og næringsliv og utsett for protestdemonstrasjonar. Kjeda blir også kritisert for å servere usunn mat som bidrar til overvekt, særleg hos ungdom. Omsetjing var i 2004 på om lag 19 milliardar amerikanske dollar og selskapet hadde då kring 440 000 tilsette.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Brørne Maurice (Mac) og Richard (Dick) McDonald opna i 1948 ein drive-in restaurant i San Bernardino i California, som serverte hamburgerar, pommes frites og milkshake. Brørne hadde frå 1940 drive ein liknande grillrestaurant same stad. I 1953 utvida dei drifta til fleire restaurantar via franchising, og i 1954 gjorde dei Raymond Albert Kroc (1902–84), ein seljar av milkshake-maskiner, til franchise-agent. Han opna i 1955 sjølv ein restaurant i Des Plaines i Illinois, som kjeda no refererer til som sin første og starten på selskapet. I 1960 omfatta kjeda (no McDonald's Corporation) over 200 restaurantar i USA, og året etter kjøpte Kroc ut brørne og lanserte logoen med ein M forma som to gylne bogar (Golden Arches). Logoforma var tidlegare brukt som byggedesign i dei førte restaurantane til brørne McDonalds. Reklamefiguren og klovnen Ronald McDonald kom på TV første gong i 1963, og McDonald's vart i 1965 eit børsnotert aksjeselskap. I 1968, same år som hamburgeren Big Mac vart lansert, opna McDonald's sin restaurant nummer tusen, og gjennom 1970-åra auka talet på restaurantar med om lag 500 per år. Den første restauranten utanfor USA vart opna i Canada i 1967, dei første i Europa i Tyskland og Nederland i 1971, den første i Norden i Sverige i 1973 (Stockholm), og i 1990 opna McDonald's ein restaurant i Moskva.[6]
I Noreg vart den første McDonald's-restauranten opna i Oslo i 1983.[7] McDonald's Norge AS er eigd med halvparten kvar av McDonald's Corporation og administrerande direktør Theo Holm og har ei omsetjing på over 1 milliard norske kroner. Per 2005 var det 67 norske restaurantar med om lag 2500 tilsette.
Veldedig arbeid
[endre | endre wikiteksten]Gjennom den norske stiftinga Ronald McDonald Barnefond har verksemda òg bygd bustadtilbod til familiar med barn innlagde ved sjukehus, og det finst tilsvarande rom eller hus i fleire andre land. I 2016 byrja dei stiftinga eit samarbeid med Stine Sofies Stiftelse om å byggja Stine Sofie Senteret for valdsutsette barn.[8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://finance.yahoo.com/quote/MCD/holders/.
- ↑ OpenStreetMap (på fleire språk), 9. august 2004, Wikidata Q936
- ↑ https://www.grid.ac/institutes/grid.467505.5; GRID; GRID-identifikator: grid.467505.5; vitjingsdato: 19. juni 2020.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 https://www.sec.gov/Archives/edgar/data/0000063908/000006390823000012/mcd-20221231.htm; utgjevingstidspunkt: 24. februar 2023.
- ↑ «McDonald's (MCD) Stock Key Data».
- ↑ «McDonald's to leave Russia for good after 30 years». BBC News (på engelsk). 17. mai 2022.
- ↑ «Om McDonald's», www.mcdonalds.com (på norsk bokmål), henta 15. mars 2022
- ↑ «Ronald McDonald's Barnefond», www.mcdonalds.com (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 21. april 2022, henta 15. mars 2022