Martin Hole
Utsjånad
Martin Hole | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. juli 1959 Hol kommune |
Død | 20. februar 2024 (64 år) |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1988, Ski-VM 1985, Ski-VM 1987 |
Martin Hole (28. juli 1959–20. februar 2024) var ein norsk langrennsløpar frå Geilo. Han vart noregsmeister to gongar, på 15 km i 1985 og 30 km i 1986. Dessutan vann han ein sølvmedalje og fire bronsemedaljar i NM-renn. Beste meisterskapsplasseringa i store internasjonale meisterskap kom under verdsmeisterskapen i Oberstdorf i 1987 då han vart nr 11 på 50 km. Fremste internasjonale prestasjonen var likevel tredjeplassen i verdscuprennet i Falun i 1986. Hole var medlem av Geilo Idrettslag.
Martin Hole døydde av kreft 20. februar 2024, 64 år gammal.[1]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
[endre | endre wikiteksten]- 1983: Nr 9 på 30 km, Sarajevo
- 1985: Nr 8 på 15 km, Holmenkollen, nr 14 på 15 km under VM, Seefeld
- 1986: Nr 3 på 30 km, Falun
- 1987: Nr 6 på 50 km, Holmenkollen, nr 11 på 50 km under VM, Oberstdorf
- 1987/8: Nr 10 på 15 km, La Clusaz
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- Ski-NM 1980: Nr 9 på femmila på Vingrom
- Ski-NM 1982: Nr 12 på 30 km på Raufoss
- Ski-NM 1983: Sølvmedalje på 50 km på Lillehammer
- Ski-NM 1984: Nr 6 på 50 km på Hof
- Ski-NM 1985: Gullmedalje på 15 km, bronsemedalje på 50 km i Tromsø
- Ski-NM 1986: Gullmedalje på 30 km, bronsemedalje på 50 km på Vang
- Ski-NM 1987: Bronsemedalje på 50 km på Steinkjer
- Ski-NM 1988: Bronsemedalje på 50 km på Vang
- Ski-NM 1989: Nr 9 på 15 km på Geilo
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Tidligere norgesmester Martin Hole er død» (på norsk bokmål). NRK. Henta 1. mars 2024.
- Sportsboken, aktuelle årgangar.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Martin Hole i olympedia.org
- Martin Hole i fis-ski.com