Malala Yousafzai
Utsjånad
Malala Yousafzai | |
Statsborgarskap | Pakistan |
Fødd | 12. juli 1997 (27 år) Mingora |
Yrke | bloggar, menneskerettsaktivist, memoarforfattar, skribent, kvinnesaksforkjemper |
Språk | engelsk, Urdu, pashto |
Religion | sunniislam |
Far | Ziauddin Yousafzai |
Mor | Toorpekai Yousafzai |
Ektefelle | Asser Malik |
Nettstad | https://www.malala.org/ |
Malala Yousafzai på Commons |
Malala Yousafzai (fødd 12. juli 1997) er ein pakistansk bloggar og aktivist. Ho var 11 år gamal då ho byrja skriva under pseudonym for BBC Urdu om livet i heimstaden Mingora i Swat-distriktet under Taliban-styre. I oktober 2012 vart ho skoten i hovudet av ein talibanar for at ho hadde kjempa for rettane til jenter å studera. Skytinga vekte stor interasjonal merksemd, og Malala vart flogen til Storbritannia for å få handsama skadane. Ho vart skriven ut av sjukehuset i januar 2013.
I 2014 fekk ho Nobels fredspris saman med Kailash Satyarthi.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «The Nobel Peace Prize for 2014», nobelprize.org, 10. oktober 2014. Vitja 10. oktober 2014.