Leiv Aalen
Utsjånad
Leiv Aalen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. september 1906 Rennesøy kommune |
Død |
24. januar 1983 (76 år) |
Yrke | prest, professor |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Leiv Aalen (21. september 1906–24. januar 1983) var ein norsk teolog frå Rennesøy. Han var professor ved Menighetsfakultetet frå 1957 til 1976. Aalen stod for streng lutheranisme og låg i strid med dei meir pietistiske representantane på Menighetsfakultetet.
Doktorgradsavhandlinga til Aalen kom i 1952 og heitte Den unge Zinzendorfs teologi. Han gav òg ut Ord og Sakrament i 1966, og i lag med broren Sverre Aalen, gav han ut Bakenfor inferno. Oppgjør med tradisjonelle forestillinger om helvete i 1955.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Leiv Aalen» i Caplex.