[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Lev Lobodin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lev Lobodin
Statsborgarskap Russland
Fødd 1. april 1969 (55 år)
Rossosj
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Lev Aleksejevitsj Lobodin (fødd 1. april 1969) er ein tidlegare mangekjempar frå Rossosj i Voronezj oblast som 1992-96 representerte Ukraina og sidan 1997 Russland. Han vann etter tur tre EM-bronsar i tikamp.

Lobodin vart tredjemann i tikamp-tevlinga i europameisterskapane 1994, 1998 og 2002, altså tre gongar i rad. Han var ein utøvar som presterte jamt høgt i tikampar, 25 gongar sanka han over 8 000 poeng. Den personlege rekordnoteringa på 8 571 poeng kom ved EM 1998 i Budapest, der han var 16 poeng under sølvmedaljør Eduard Hämäläinen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]