Orhei
Utsjånad
Orhei | |||||
---|---|---|---|---|---|
Monument over voivoden Vasile Lupu i Orhei | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Distrikt |
Moldova Hîncești | ||||
Borgarmeister | Ion Șarban | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 16,52 km² | ||||
Innbyggjarar - Kommune (2014) |
21 065[1] | ||||
Koordinatar | 47°23′N 28°49′E / 47.383°N 28.817°E | ||||
Høgd over havet | 68 m | ||||
Tidssone | UTC+2 (UTC) | ||||
Diverse anna | |||||
Heimeside: http://www.orhei-md.info | |||||
Plassering | |||||
Orhei (russisk Оргеев, Orgejev) er ein by og ein mindre bykommune (oraș) innanfor distriktet Orhei i Moldova og hovudsete i distriktet. Byen med vel 20 000 innbyggjarar ligg om lag midt i landet, om lag 50 km nord for hovudstaden Chișinău. I 2016 fekk Orhei status som municipiu, men utan å bli rekna på distriktsnivå.[2][3]
Orhei har fått namnet sitt frå Orhei Vechi, eit aktivt kloster nær landsbyen Ivancea. Orhei var heimstad for mange jødar før den andre verdskrigen og har i dag ein stor jødisk gravplass. I dag er det berre ei aktiv synagoge att. Dei fleste andre kyrkjene er russisk-ortodokse.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Kommunen har den eine busetnaden. For 2014 er det ikkje offentleggjort detaljerte resultat for busetnadene.
Folketal 2004[4] | Folketal 2014[1] | |
---|---|---|
Orhei | 25 641 | – |
Kommunen Orhei | 25 641 | 21 065 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Orhei» frå Wikipedia på engelsk, den 5. februar 2008.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Rezultatele Recensământului Populației și al Locuințelor 2014 (RPL2014) (Resultat av folke- og bustadteljinga 2014 RPL2014))». Biroul Național de Statistică al Republicii Moldova. Henta 19. oktober 2024.
- ↑ «Lege Nr. 764 din 27-12-2001 privind organizarea administrativ-teritorială a Republicii Moldova (Lov nr. 764 av 27. desember 2001 om administrativ-territoriell organisering i Republikken Moldova)». Ministerul Justiției (Justisdepartementet). 29. januar 2002. Henta 17. oktober 2024.
- ↑ «Lege Nr. 248 din 03-11-2016 pentru modificarea și completarea Legii nr. 764-XV din 27 decembrie 2001 privind organizarea administrativ-teritorială a Republicii Moldova (Lov nr. 248 av 3. november 2016 om endring av og tillegg til Lov nr. 764-XV av 27. desember 2001 om administrativ-territoriell organisering i Republikken Moldova)». Ministerul Justiției (Justisdepartementet). 13. januar 2017. Henta 18. oktober 2024.
- ↑ «Recensământul populației 2004: Populația pe medii, localități și sexe (Folketeljing 2004: Folketal etter område, lokalitet og kjønn)». Biroul Național de Statistică al Republicii Moldova. Henta 19. oktober 2024.