Strandebarm
Strandebarm | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Kvam herad | ||
Strandebarm 60°16′15″N 6°00′42″E / 60.270889783333°N 6.0115650833333°E | |||
Wikimedia Commons: Strandebarm, Kvam |
Strandebarm er eit område og ei bygd i Kvam herad.
I området Strandebarm er det 4 bygder:
Strandebarm kyrkje er ei langkyrkje bygd i 1876. Byggverket er i tre og har 550 plassar.
Fjellstrand AS er eit skipsverft som held til på Omastrand.
Tidlegare kommune
[endre | endre wikiteksten]Strandebarm er også ein tidlegare sjølvstendig kommune i Hordaland, oppretta i 1837 som Strandebarm formannskapsdistrikt. I 1862 vart Strandebarm delt i to, då Jondal vart skilt ut som eige herad. Strandebarm hadde etter frådelinga 1 663 innbyggarar. 1. januar 1902 skjedde ei ny deling i det Varaldsøy vart skilt ut som eigen kommune. Strandebarm hadde etter denne delinga 1 661 innbyggarar. 1. januar 1965 vart det meste av Strandebarm med 1 545 innbyggere slått saman med delar av Varaldsøy, Jondal og Kvam til det nye Kvam herad. Samtidig vart området Kysnesstranda i Strandebarm med 100 innbyggjarar slått saman med det meste av Jondal til den nye Jondal kommune.
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Folketalsutvikling for tidlegare Strandebarm kommune frå 1902 til 1965:
1.1.1902 | 1.12.1920[1] | 1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3] | 1.1.1961[3] | 1.1.1965[3] |
---|---|---|---|---|---|---|
1661 | 1641 | 1612 | 1731 | 1700 | 1631 | 1645 |
Folk frå Strandebarm
[endre | endre wikiteksten]- Torkel Lillefosse (1868–1946), botanikar
- Kaj Skagen (f. 1949), forfattar
- Jon Fosse (f. 1959), forfattar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Strandebarm» frå Wikipedia på bokmål, den 17. mars 2007.
- Kvam kommune[treng kjelde]
- Folketal i skulekrinsar Kvam 2003 Arkivert 2007-10-08 ved Wayback Machine.