Janne Fardal Kristoffersen
Utsjånad
Janne Fardal Kristoffersen | |||
| |||
Fødd | 8. november 1970 (54 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
Janne Fardal Kristoffersen (fødd 8. november 1970 Lindesnes) er ein norsk politikar for Høgre som var ordførar i Lindesnes kommune frå 2011 til 2019.
Kristoffersen har vore medlem av Lindesnes kommunestyre sidan 2003, og var gruppeleiar og varaordfører 2003–2011. Ho har òg vore kvinnepolitisk leiar i Vest-Agder Høgre sidan 2006 og 1. vararepresentant til Stortinget frå Vest-Agder sidan 2009. Ho var elles leiar i Lindesnes Høgre 2005–2006.
Kristoffersen har grunnfag i norsk, engelsk og marknadskommunikasjon, og tok seinare utdanning til helsefagarbeidar i heimesjukepleia og videreutdannelse i psykiatri og geriatri.[1] Fardal Kristoffersen har jobba heimesjukepleia i heimkommunen Lindesnes.[2]
Prisar
[endre | endre wikiteksten]- 2008 – Agderrådets likestillingspris på vegner av Lindesnes kommune[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Ordføreren i Lindesnes, Janne Fardal Kristoffersen». Høyre. Henta 26. juli 2012.
- ↑ Horve, Mari (8. mars 2008). «-Et liv uten politikk? Nei, huff». Fædrelandsvennen.
- ↑ «Agderrådets likestillingspris 2008». Agderrådet. 2008. Arkivert frå originalen 17. april 2008. Henta 26. juli 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Janne Fardal Kristoffersen» frå Wikipedia på bokmål, den 20. november 2021.