[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

James Taylor av James Taylor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
James Taylor
Studioalbum av James Taylor
Språk engelsk
Utgjeve 6. desember 1968
Innspelt Juli til oktober 1968
Studio Trident Studios i London
Sjanger
Lengd 38:30
Selskap Apple
Produsent Peter Asher
James Taylor-kronologi 
James Taylor Sweet Baby James
(1970)


Singlar frå James Taylor
  1. «Carolina in My Mind»
    Utgjeve: Februar 1969
  2. «Knocking 'Round the Zoo»
    Utgjeve: 1969

James Taylor er det første studioalbumet til den amerikanske songaren og låtskrivaren James Taylor. Det vart gjeve ut den 6. desember 1968, og var den første innspelinga av ein ikkje-britisk artist som vart gjeven ut av Apple Records, og det skulle òg vere Taylor sitt einaste album på det selskapet. Albumet vart gjeve ut under tittelen First Album i den sørafrikanske marknaden.

Albumet vart produsert av Peter Asher, som var A&R-sjef for The Beatles sitt nyleg danna plateselskap Apple Records.[1] Taylor spelte inn albumet frå juli til oktober 1968 i Trident Studios, samtidig som The Beatles spelte inn The White Album.[2][3] Trident var det mest teknologisk avanserte studioet i England på den tida, og var svært ettertrakta. Ein del av den bestilte studiotida til The Beatles vart brukt til å spele inn Taylor sitt album. Paul McCartney og Peter Asher henta inn arrangøren Richard Hewson for å leggje til orkestreringar til fleire av songane og uvanlege passasjar mellom dei. Desse fekk ein varierande mottaking. [4][5]

Blant songane på albumet er «Something in the Way She Moves», «Carolina in My Mind» og «Rainy Day Man». McCartney og ein ukredittert George Harrison gjesta på på høvesvis bassgitar og korvokal på «Carolina in My Mind». I teksten refererer Taylor til The Beatles med linja «holy host of others standing around me». Tittelfrasen på Taylor sin «Something in the Way She Moves» skulle bli startpunktet for Harrison sin «Something».[4][6] (Tilfeldigvis har Taylor sagt at han hadde tenkt å kalle songen «I Feel Fine», etter ei dominerande linje i refrenget, men tittelen hadde allereie blitt brukt på ein annan Beatles-song.) Taylor spelte òg inn ein svært tidleg versjon av «Fire and Rain», som skulle bli hans gjennombrottslåt på hans andre album, men Asher valde ikkje å ta den med på albumet.[7]

Utgjeving og mottaking

[endre | endre wikiteksten]
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[8]
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[9]
Mojo4/5 stars[10]
MusicHound Rock3.5/5[11]
Rolling Stone(favorable)[5]
Rolling Stone Album Guide3.5/5 stars[12]
Tom HullB–[13]

Albumet vart gjeve ut av Apple Records 6. desember 1968 i Storbritannia og februar 1969 i USA.[14] Kritikarane var overvegande positive, inkludert ei svært positiv Jon Landau-melding i Rolling Stone-magasinet, som skreiv: «dette album er det friskaste eg har innhalert på lenge. Det slår meg ut.»[5] Albumet selde dårleg på grunn sidan Taylor ikkje hadde høve til å marknadsføre det då han vart innlagd på sjukehus på grunn av rusavhengigheit.[14] «Carolina in My Mind» med «Something's Wrong» vart gjeven ut som singel i Storbritannia (APPLE 32) i februar 1969, men klarte ikkje å kome på lista.[14] Han vart gjeven ut som singel i USA (Apple 1805) i mars 1969, men nådde berre 118. plassen der.[14] «Knocking 'Round the Zoo» vart gjeven ut som singel i Frankrike (APF 506) med «Something's Wrong» på B-sida.[15]

På grunn av vanskar med å få rettane frå Apple i løpet av 1970-talet, vart «Something in the Way She Moves» og «Carolina in My Mind» spelt inn på nytt i 1976 for Taylor-albumet Greatest Hits.

«Rainy Day Man» vart spelt inn på nytt i 1979 for Taylor-albumet Flag.

Alle songar er skrivne av James Taylor, utanom der andre er nemnde..

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Don't Talk Now»2:36
2.«Something's Wrong»3:00
3.«Knocking 'Round the Zoo»3:26
4.«Sunshine Sunshine»3:30
5.«Taking It In»3:01
6.«Something in the Way She Moves»2:26
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Carolina in My Mind» 3:36
8.«Brighten Your Night With My Day» 3:05
9.«Night Owl» 3:38
10.«Rainy Day Man»Taylor, Zach Wiesner3:00
11.«Circle Round the Sun»Tradisjonell; arrangert av Taylor3:24
12.«The Blues Is Just a Bad Dream» 3:42
Bonusspor på CD-utgåva frå 2010
Nr.TittelLengd
13.«Sunny Skies» (Demo)2:12
14.«Let Me Ride» (Demo)3:57
15.«Sunshine Sunshine» (Demo)2:51
16.«Carolina in My Mind» (Demo)3:06

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1969/71) Plassering
Australia (Kent Music Report)[16] 12
  1. White, Timothy. James Taylor: Long Ago and Far Away, Omnibus Press, 2002, ISBN 0-7119-9193-6. ss. 134–135.
  2. White, Long Ago and Far Away, ss. 136–137.
  3. Lewisohn, Mark (1988). The Beatles: Recording Sessions. Harmony Books. ISBN 0-517-57066-1.  s. 146.
  4. 4,0 4,1 White, Long Ago and Far Away, ss. 137–140.
  5. 5,0 5,1 5,2 Landau, Jon (19. april 1969). «James Taylor James Taylor > Album Review». Rolling Stone (31). Arkivert frå originalen 2. juni 2007. Henta 20. april 2015. 
  6. Cross, Craig (2004). «Beatles songs – S». Arkivert frå originalen 3. juni 2004. Henta 3. juni 2004. 
  7. Ifølgje liner notes på Apple si nyutgjeving av dette albumet.
  8. Planer, Lindsay. James Taylor av James TaylorAllmusic
  9. Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (4th utg.). Oxford University Press. ISBN 978-0195313734. 
  10. Harris, John (November 2010). «Strange Fruit: Various, Original Apple albums, 1969–73». Mojo. s. 117. 
  11. Graff, Gary; Durchholz, Daniel, red. (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 1125. ISBN 1-57859-061-2. 
  12. Coleman, Mark; Edmonds, Ben (2004). «James Taylor». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide. London: Fireside. s. 804–805. ISBN 0-7432-0169-8.  Portions posted at «James Taylor > Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 5. januar 2013. Henta 6. november 2011. 
  13. Hull, Tom (December 2010). «Recycled Goods». Static Multimedia. Henta 8. juli 2020 – via tomhull.com. 
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 White, Long Ago and Far Away, pp. 142–144.
  15. «Knocking 'Round the Zoo». rateyourmusic.com. Arkivert frå originalen 2. juli 2014. Henta 30. juni 2014. 
  16. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 305. ISBN 0-646-11917-6.