[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

James Prescott Joule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
James Prescott Joule

Fødd24. desember 1818
Salford
Død11. oktober 1889
Sale i Stor-Manchester
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Storbritannia
Områdekjemikar, fysikk
Yrkefysikar
Alma materUniversity of Manchester
EktefelleAmelia Grimes
MedlemRoyal Society
American Academy of Arts and Sciences
National Academy of Sciences
Manchester Literary and Philosophical Society
Accademia delle Scienze di Torino

James Prescott Joule (24. desember 181811. oktober 1889) var ein britisk fysikar og ølbrygga fødd i Salford nær Manchester i England.[1]

Skisse av Joule sitt vassrøreeksperiment for å finna samanhengen mellom mekanisk arbeid og varme.

Gjennom studiar av varme kom han fram til at han hadde likskapar med arbeid, og er dermed ein av grunnleggjarane av læra om varme som ei form for energi. Arbeidet hans leidde også til formuleringa av den første loven innan termodynamikk. Joule samarbeidde med lord Kelvin om å utvikla ein absolutt temperaturskala, studerte magnetostriksjon (at ein gjenstand endrar storleik ved magnetisering) og oppdaga Joules lov.

Joule blei vald inn i Royal Society i 1850 og fekk fleire utmerkingar, mellom anna Royal Medal og Copleymedaljen. SI-eininga for arbeid, joule, er kalla opp etter han.[1]

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: James Prescott Joule
Spire Denne fysikkartikkelen som har med historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  1. 1,0 1,1 «James Prescott Joule» i Store norske leksikon, snl.no.