[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Joseph McCarthy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joseph McCarthy

Statsborgarskap USA
Fødd 14. november 1908
Grand Chute
Død

2. mai 1957 (48 år)
Bethesda

Yrke politikar, offiser, dommar, advokat, bonde, plasshenviser, antikommunist
Språk engelsk
Politisk parti Det republikanske partiet, Det demokratiske partiet i USA
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Ektefelle Jean Kerr Minetti
Joseph McCarthy på Commons

Joseph Raymond McCarthy (14. november 19082. mai 1957) var ein USA-amerikansk politikar for det republikanske partiet, senator 1946-57 for delstaten Wisconsin.

McCarthy var kjend og omstridd frå 1950, då han gjekk til angrep på det han kalla kommunistisk infiltrasjon i statsapparatet. Etter det republikanske partiet vann regjeringsmakta i 1952, kom han til stor makt og vart ein frykta politikar. Som formann i ein underkomité i senatet i 1953–54, dreiv han nærast klappjakt på meiningsmotstandarar i det USA-amerikanske samfunnet. Den innbitte anti-kommunismen og patriotismen som ivra for, og som fekk namnet mccarthyisme, kom i vanry då McCarthy sjølv vart granska av ein senatskomité. Denne siste komiteen fordømde metodene hans i 1954. McCarthy var sidan utan politisk makt.

McCarthy døydde 48 år gammal av en akutt leversjukdom.