[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

John Hartman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Hartman

Fødd18. mars 1950 (74 år)
FødestadFalls Church i Virginia i USA
Dødseptember 2022
FødenamnJohn Thomas Hartman
OpphavUSA
SjangerRock
InstrumentTrommer, perkusjon
Tilknytte artistarThe Doobie Brothers
Verka somMusikar

John Thomas Hartman (18. mars 19500. september 2022) er ein amerikansk trommeslagar og originalt medlem i The Doobie Brothers.[1] Då bandet vart starta var Hartman den einaste trommeslagaren i bandet, men frå 1971 henta gruppa inn ein trommeslagar til, Michael Hossack, og sidan den gongen har dei alltid hatt to trommeslagarar.

Hartman spelte på alle dei store hittane til The Doobie Brothers i 1970-åra med både Tom Johnston og Michael McDonald. Han slutta tidleg i 1979 for å fokusere på arabarhestane sine på ranchen sin i California.

Hartman vart lokka med tolv andre tidlegare Doobies-medlemmar for ein kort, veldedig turné i 1987. Hartman vart så med i ei sameina utgåve av bandet året etter. Han spelte på albuma Cycles (1989) og Brotherhood (1991) og dei tilhøyrande turenane. Etter ein konsert til støtte for den alvorleg kreftsjuke perkusjonisten deira Bobby LaKind, slutta Hartman i bandet.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]