John Bauer
Utsjånad
John Bauer | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 4. juni 1882 Jönköping, Jönköpings Kristina församling |
Død |
20. november 1918 (36 år) |
Yrke | kunstmålar, illustratør |
Far | Joseph Bauer |
Mor | Emma Charlotta Bauer |
Ektefelle | Ester Ellqvist |
John Bauer på Commons |
John Bauer (4. juni 1882–20. november 1918) var ein svensk målar og illustratør. Han er er mest kjend for sine eventyrillustrasjonar av troll, på lik linje med Theodor Kittelsen i Noreg.
John Bauer var fødd i Jönköping. Han studerte først ved Kungliga Konsthögskolan i Stockholm, og seinare i Italia og Tyskland. Allereie i 1907 blei eventyrsamlinga Bland tomtar och troll gjeven ut, og snart fekk han status som den høgast respekterte eventyrkunstnaren i Sverige. John Bauer er representert på Nationalmuseum i Stockholm, Göteborgs konstmuseum og Malmö museer.
Han drukna saman med kona og sonen då dampbåten «Per Brahe» forliste på Vättern i 1918.
Utvalde illustrasjonar
[endre | endre wikiteksten]-
Fenrisulven og Tyr (1911)
-
Trollörten; frå Bland tomtar och troll
-
God kväll, farbror! Hälsade pojken; frå Bland tomtar och troll (1915)
-
Tuvstarr
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: John Bauer