Jørgen Knudsen
Jørgen Knudsen | |||
Fødd | 5. desember 1843 Arendal | ||
---|---|---|---|
Død | 28. desember 1922 (79 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, reiar | ||
Far | Christen Knudsen | ||
Barn | Christen Knudsen, Finn C. Knudsen | ||
Alle verv |
|
Jørgen Christian Knudsen (5. desember 1843–28. desember 1922) var ein skipsreiar, fabrikkeigar og politikar frå Høgre. Statsminister Gunnar Knudsen var bror hans.
Knudsen var fødd ved Arendal, far hans var skipsreiar. I yngre år var han tre år i England og Frankrike. Saman med broren Gunnar overtok hans så skipsreiarforretninga og skipsbyggeri etter faren. Då firmaet vart oppløyst i 1889, dreiv han vidare på eiga hand som skipsreiar og fabrikkeigar.
Mange år medlem av Porsgrunn bystyre, i fleire år ordførar.
Knudsen var stortingsrepresentant for Porsgrunn i periodane 1880-88, 1892-1900 og 1903-06. Grunna sjukdom møtte han ikkje i 1896. Han var medlem av justiskomiteen 1880-85 og næringskomite nr 2 1886-88. Perioden 1892-95 og 1897 var han medlem av justiskomiteen. Medlem av militærkomiteen 1898-1900, og valkomiteen og fullmaktskomiteen 1898-1903. Formann i jarnbanekomiteen 1903-06 og i arbeidsløysekomiteen 1904, president i Odelstinget 1906. Han var medlem av kroningsdeputasjonen 1906.
Knudsen døydde 1922 i Porsgrunn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak (1914). «Knudsen, Jørgen Christian». Stortinget og statsraadet: 1814-1914. Kristiania: [Steenske bogtrykkeri]. s. 488-489.
- Haffner, Vilhelm (1949). Stortinget og statsrådet: med tillegg til Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Oslo: [Aschehoug]. s. 31.
- Biografisk informasjon om Jørgen Knudsen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1843
- Døde i 1922
- Stortingsrepresentantar 1880-1882
- Stortingsrepresentantar 1883-1885
- Stortingsrepresentantar 1886-1888
- Stortingsrepresentantar 1892-1894
- Stortingsrepresentantar 1895-1897
- Stortingsrepresentantar 1898-1900
- Stortingsrepresentantar 1904-1906
- Stortingsrepresentantar frå Høgre
- Ordførarar i Porsgrunn
- Medlemmar og varamedlemmar i Nobelkomiteen
- Norske skipsreiarar
- Folk frå Arendal