[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Irradians

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Irradians eller innstrålingstettleik er eit omgrep som blir brukt om styrken på elektromagnetisk stråling på ei overflate. Irradians blir målt i W/ (watt per kvadratmeter). Irradians har symbolet E i internasjonal nomenklatur, sidan omgrepet først vart definert på fransk – Éclairement. Irradians kan òg uttrykkjast i kvanteeininga; vanlegvis brukar ein då målte m-2s-1 (målte foton per kvadratmeter per sekund) som eining.

Viss ei lyskjelde sender ut lys i alle retningar og det ikkje føregår absorpsjon, vil irradiansen minke med kvadratet av avstanden frå kjelda, sidan det arealet som lyset spreiast over aukar med kvadratet av avstanden.

Tekniske detaljar

[endre | endre wikiteksten]

Irradiansen til monokromatisk lys i eit stoff er gjeve av det elektriske feltet av [1]

der E er den komplekse amplituden til det elektriske feltet til bølgja, n er brytingsindeksen til stoffet, er lysfarten i vakuum, og ϵ0 er permittiviteten i vakuum.

  1. Griffiths, David J. (1999). Introduction to electrodynamics (3. ed., reprint. with corr. utg.). Upper Saddle River, NJ [u.a.]: Prentice-Hall. ISBN 0-13-805326-X.