Hussein bin Ali
- For den sjiamuslimske martyren, sjå Husayn ibn Ali.
Hussein bin Ali | |
Statsborgarskap | Det osmanske riket, Kingdom of Hejaz, Transjordan |
Fødd | ca. 1853 Istanbul |
Død | |
Yrke | monark, politikar, kalif |
Språk | arabisk, osmantyrkisk |
Religion | Islam |
Far | Ali bin Mohammed bin Abdul Moin |
Mor | Salah Bani-Shahar |
Ektefelle | Adila Khanum |
Hussein bin Ali på Commons |
Hussein bin Ali (1854–1931) var sjarif og emir av Mekka og sjølvutnemnd konge av Hedsjas frå 1916 til 1924.
Hussein bin Ali var ein arabar fødd i Istanbul under Det osmanske riket. Han blei utnemnd til vernar av dei heilage stadene i Hedsjas etter Den ungtyrkiske revolusjonen i 1908. I 1916, under første verdskrigen, innleia han i samspel med britane Arabaropprøret mot tyrkarane. I 1924 utropte han seg vidare til kalif over alle muslimar.
Hussein bin Ali blei anerkjend som konge av Hedsjas av stormaktene, men måtte seinare i 1924 gje opp makta etter å ha blitt overvunnen av naboherskaren Abdulaziz Ibn Saud. Hussein bin Ali flykta til Kypros og deretter til Amman i Jordan. Her døydde han i 1931 og blei gravlagd i Jerusalem.
Han var far til kongane Abdullah I av Jordan og Feisal I av Irak.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Hussein Ibn Ali» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Hussein bin Ali, Sharif of Mecca» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2010.