[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Husarrest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Husarrest er ei form for avstraffing og/eller eit verkemiddel for å avgrensa rørslefridomen til ein person. I daglegtale vert omgrepet mest brukt om ei form for straff som vert brukt av foreldre mot barn, men det kan òg vera ein formalisert type straff og kontrollmiddel mot kriminelle eller opposisjonelle. Som namnet seier dreiar det seg om ei avgrensing av rørslefridomen, i det personen som er ramma ikkje får lov til å forlata huset han eller ho bur i.

Mot opposisjonelle

[endre | endre wikiteksten]

Husarrest har lenge vore brukt som eit middel for å avgrensa høvet til opposisjonelle til å kommunisera med andre. I mellomalderen og renessansen var det eit vanleg verkemiddel som ofte vart brukt av monarkar som ynskte å isolera personar som kunne utgjera ein fare for dei.

I moderne tid vert husarrest brukt av enkelte regime for å isolera opposisjonelle. Det meste kjente dømet er Aung San Suu Kyi, som då partiet hennar vann valet i Burma i 1990 vart sett i mangeårig i husarrest.

Mot forbrytarar

[endre | endre wikiteksten]

I fleire land vert husarrest brukt som eit alternativ til soning i fengsel. Det vert sett på som ei lettare form for soning enn open anstalt, og vert tilbode fange som nærmar seg endt soningstid, og som ikkje vert sett på som å utgjera fare for andre. Ofte vert ein slik husarrest gjennomført med elektronisk fotlenke, noko som medfører at fangen kan røra seg også utanfor huset dersom det er føremålstenleg.