Helge N. Thune
Helge N. Thune | |||
Fødd | 24. februar 1861 Vang | ||
---|---|---|---|
Død | 15. mai 1950 (89 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet, Frisindede Venstre | ||
Yrke | lensmann, bonde, politikar | ||
Far | Nils Trondsen Thune | ||
Alle verv |
|
Helge Nilsson Thune (24. februar 1861–15. mai 1950) var ein norsk lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Vang i Valdres. Nils Trondsson Thune var far hans.
Thune vart student i 1884 og cand. jur. i 1893. Frå 1891 til 1926 var han lensmann i heimbygda Vang, og attåt gardbrukar. Han ver også kasserar for Valdresbanen, og åstads- og forlikskommissær. Thune var medlem av heradsstyret 1896-99 og 1902-11.
Helge N. Thune representerte Valdres krins og Frisinna Venstre på Stortinget i perioden 1910-12. Han var medlem av justiskomiteen, samt 1912 av valkomiteen og reguleringskomiteen. Frå 1922 til 1930 representerte han Bondepartiet og Oppland på Stortinget. 1922-24 nestformann i justiskomiteen, 1925-27 medlem og 1928 nestformann i skog og vassdragskomiteen. President i Lagtinget 1927-30.
Han døydde i 1950 og vart gravlagd i Vang.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914