[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Harold Wilson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harold Wilson

Fødd11. mars 1916
Huddersfield
Død24. mai 1995 (79 år)
Statsborgar avStorbritannia
PartiDet britiske arbeidarpartiet
Yrkepolitikar, esperantist, statistikar
InstitusjonarUniversity of Oxford
Utdanna vedJesus College
Wirral Grammar School for Boys
MorEthel Seddon
FarJames Herbert Wilson
EktefelleMary Wilson
BarnRobin J. Wilson, Giles Wilson
MedlemRoyal Society
Royal Statistical Society
VervBritisk statsminister 1974-1976
FøregangarEdward Heath
EtterfylgjarJames Callaghan
VervBritisk statsminister 1964-1970
FøregangarAlec Douglas-Home
EtterfylgjarEdward Heath
VervLeiar for det britiske arbeidarpartiet 1963-1976
FøregangarHugh Gaitskell
EtterfylgjarJames Callaghan
Alle verv
  • britisk statsminister (1964–1970)
  • britisk statsminister (1974–1976)
  • opposisjonsleder (1970–1974)
  • Leader of the Labour Party (1963–1976)
  • Shadow Foreign Secretary (1961–1963)
  • Shadow Chancellor of the Exchequer (1955–1961)
  • President of the Board of Trade (1947–1951)
  • Secretary for Overseas Trade (1947–1947)
  • Medlem av Det kongelige råd
  • member of the 48th Parliament of the United Kingdom (1979–1983)
  • member of the 47th Parliament of the United Kingdom (1974–1979)
  • member of the 46th Parliament of the United Kingdom (1974–1974)
  • member of the 45th Parliament of the United Kingdom (1970–1974)
  • member of the 44th Parliament of the United Kingdom (1966–1970)
  • member of the 43rd Parliament of the United Kingdom (1964–1966)
  • member of the 42nd Parliament of the United Kingdom (1959–1964)
  • member of the 41st Parliament of the United Kingdom (1955–1959)
  • member of the 40th Parliament of the United Kingdom (1951–1955)
  • member of the 39th Parliament of the United Kingdom (1950–1951)
  • member of the 38th Parliament of the United Kingdom (1945–1950)
  • medlem av Overhuset (1983–1995)
  • president of the Royal Statistical Society (1972–1973)
  • opposisjonsleder (1963–1964) Sjå dette på Wikidata

James Harold Wilson, baron Wilson av Rievaulx (fødd 11. mars 1916 i Huddersfield i West Yorkshire, død 24. mai 1995 i London) var ein britisk Labour-politikar, som var statsminister i Storbritannia frå 1964 til 1970 og igjen frå 1974 til 1976.

Harold Wilson vart fødd i 1916. Han studerte økonomi i Oxford og byrja i studietida å interessere seg for politikk. Etter å ha arbeidt som statstenestemann under andre verdskrigen vart han i 1945 vald inn for valkrinsen Olmskirk i det britiske underhuset. Etter ei valreform i 1950 representerte han valkrinsen Hoyton ved Liverpool.

Kort etter valet til parlamentet fekk han første gongen sete i regjeringa og vart dermed den yngste statsråden i Storbritannia i historia. Han tredde tilbake i 1951 i protest mot innføringa av eigenandelar i det britiske helsevesenet.

Han fekk likevel seinare plass i Labour sitt skuggekabinett, som tiltenkt finansminister. I 1956 skapte han omgrepet «gnomane frå Zürich», som viste til sveitsisk valutaspekulasjon. Han stilte fånyttes som kandidat til posten som leiar for Labour i 1960, men då Hugh Gaitskell overraskande døydde i 1963 etterfølgde Wilson han som partileiar.

Labour vann ved parlamentsvalet 16. oktober 1964 eit knapt fleirtal, og Wilson vart statsminister første gongen. Etter ei kort, men vellukka regjeringstid vann Labour ein komfortabel majoritet på 99 mandat.

Utanrikspolitikken under Wilson vart prega av krisane i dei tidlegare britiske koloniane, spesielt i Rhodesia og Sør-Afrika. Wilson motstod presset frå USA om å sende styrkar til Vietnam. Etterkvart som økonomien i Storbritannia forverra seg, fall likevel oppslutninga frå veljarane. Då meiningsmålingane gjekk betre, skreiv Wilson ut nyval. Til stor overrasking tapte likevel Labour valet den 19. juni 1970, og Wilson vart etterfølgd som statsminister av Edward Heath. Trass det bitre nederlaget fortsette Wilson som partileiar og vart 6. mars 1974 statsminister på nytt, etter at Heath heller ikkje hadde lukkast i å føre ein politikk som førte til forbetring i økonomien til landet.

16. mars 1976 erklærte Wilson overraskande avgangen sin som statsminister og at han ville trekkje seg heilt frå politikken. Han opplyste at han alltid hadde planlagt å pensjonere seg ved 60-årsalderen. I røyndomen var han vorten klår over at han leid av Alzheimers syndrom.

Utanriksminister James Callaghan etterfølgde Wilson som statsminister den 5. april 1976. Wilson var likevel fram til 1983 innvald i parlamentet og vart deretter utnemnd til Life peer som Baron Wilson of Rievaulx. Etter 1985 trekte han seg nesten fullt bort frå ålmenta. Han døydde i 1995 av tarmkreft.