[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Handball-VM 2009 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen i handball 2009 for menn vart avvikla i dagane frå 16. januar til 1. februar 2009 i Kroatia. Til saman 24 land deltok i turneringa. Frankrike vart verdsmeister for tredje gong, etter å ha vunne med 24 mot 19 over vertslandet.

Arrangement

[endre | endre wikiteksten]

Deltakarlanda vart delt i 8 grupper á 4 lag. Dei to beste i gruppene gjekk vidare til mellomspelet, beståande av 4 grupper á 4 lag. Vinnarane i desse gruppene avanserte til kvartfinale, der dei enkelte laga møtte eit av dei toar-plasserte laga frå mellomspelet. Vinnarane av kvartfinalekampane avanserte til semifinale. Sigerherrane i dei to semifinalane møttest til finalekamp, etter at taparlaga frå semifinalane hadde gjort opp om bronseplassen i turneringa.

Arena Zagreb under VM-finalen

Ved pause i finalen leia heimelaget 12–11. I løpet av den andre omgangen tok Frankrike kontroll på kampen og sigra til sist med fem mål, 24 mot 19. Michaël Guigou vart toppskårar med sine 10 nettkjenningar, sju av dei på straffekast. Elles skåra Daniel Narcisse 6 mål, medan Nikola Karabatić, Luc Abalo, Jérôme Fernandez og Cédric Sorhaindo, alle skåra 2 mål. Målvakter: Thierry Omeyer og Daouda Karaboué.

Ivan Čupić skåra flest mål for Kroatia, 6 i talet.