Kumbakonam
Utsjånad
கும்பகோணம் Kumbakonam | |
---|---|
Mahamaham-høgtida i Kumbakonam ca. 1900 | |
Styresmakter | |
Distrikt Delstat |
Thanjavur Tamil Nadu |
Geografi | |
Flatevidd | 12,58 km² |
Høgd over havet | 24 m |
Tidssone | UTC+05:30 (UTC) |
Kumbakonam er ein by i den indiskedelstaten Tamil Nadu, kjend for sine mange tempel. Byen er òg kjend som pilegrimsmål under mahamaham-høgtida som blir halden kvart tolvte år. Kumbakonam ligg rundt 4 mil nordaust for Thanjavur, 96 km aust for Tiruchirappalli og 273 km sør for delstatshovudstaden Chennai. I 2004 hadde han eit folketal på 148 300. FLeirtalet i byen er hinduar, men her finst òg mange muslimar og kristne. Dei viktigaste produkta er messing-, bronse-, kopar- og blyilåt, silke- og bomullstøy, sukker, indigo og ris.
Namnet Kumbakonam blir sett i samband med kumbha, ei krukke med religiøs tyding. Talet på tempel innanfor bygrensa er om lag 188, eit heilag nummer i hinduismen.
Folk knytte til byen
[endre | endre wikiteksten]- Matematikaren Srinivasa Aiyangar Ramanujan døydde
- Filmstjerna og politikaren M.G. Ramachandran voks opp her
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kumbakonam» frå Wikipedia på engelsk, og «Kumbakonam» frå Wikipedia på svensk den 5. desember 2010.