[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Kim Andersson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kim Andersson


Statsborgarskap Sverige
Fødd 21. august 1982 (42 år)
Kävlinge
Idrett handball
Tok del i Sommar-OL 2012, Det svenske herrelandslaget i handball, Sommar-OL 2016

Kim Andersson (fødd 21. august 1982) er ein svensk handballspelar frå Kävlinge. Han vann ein sølvmedalje med Sverige sitt landslag under Sommar-OL 2012 i London, og deltok i THW Kiel sine tre triumfar i EHF-meisterligaen. Andersson var høgre rykkromspelar.

Andersson byrja og slutta si handballkarriere i Ystad IF. I mellomtida var han aktiv i Sävehof, THW Kiel og Kolding IF. Størst suksess hadde han i Kiel, der han var med om vinne meisterligaen 2007, 2010 og 2012, samt seks seriemeisterskap og fem nasjonale pokalfinalar. Med Kolding vann han to danske seriemeistereskap, heime i Sverige vann han to seriemeisterskap før han i 2022, nær 40 år gammal, lukkast gå til topps i Allsvenskan med Ystad.

Andersson representerte Sverige i 12 internasjonale meisterskapsturneringar i tida 2003-19. Høgdepunktet var sølvmedaljen ved dei olympiske leikane i 2012. Han vart då kåra til beste høgre rykkromspelar, nett som i Handball-EM 2008. Til saman deltok han i 240 landskampar i perioden 2001-19, skåra 824 mål.