[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Kfar Aza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kfar Aza
kibbutz
Land  Israel
Region Nord-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Sha'ar HaNegev
Koordinatar 31°29′1.31″N 34°32′2.39″E / 31.4836972°N 34.5339972°E / 31.4836972; 34.5339972
Areal 10 km²
Folketal 765 (2021)
Grunnlagd August 1951
 •  Grunnlagd av nordafrikanske jødar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Kfar Aza
31°29′01″N 34°32′02″E / 31.483697222222°N 34.533997222222°E / 31.483697222222; 34.533997222222
Kart som viser Kfar Aza.
Kart som viser Kfar Aza.
Kart som viser Kfar Aza.
Wikimedia Commons: Kfar Aza

Kfar Aza (hebraisk skrift כְּפַר עַזַּה, tyder Gazalandsbyen) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg mellom Netivot og Sderot kring tre kilometer aust for Gaza og høyrer til Sha'ar HaNegev regionale kommune. I 2006 hadde han 760 innbyggjarar.

Landsbyen vart grunnlagd i august 1951 av immigrantar frå Egypt og den marokkanske byen Tanger som hadde fått opplæring i Ein Harod, Ayelet HaShahar og seinare Afikim. Han vart i starten kalla Yagav, men fekk namnet Kfar Aza i 1953. På den tida kunne innbyggjarane fritt vitje Gaza.

Kibbutzen vart mellombels fråflytta i 1955, og i januar 1957 flytta medlemmar av Mita'arimgar'inen inn.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]