Karl Schranz
Utsjånad
Karl Schranz | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 18. november 1938 (86 år) St. Anton |
Yrke | alpinist |
Språk | tysk |
Høgd | 175 centimeter |
Nettstad | http://www.karlschranz.com |
Karl Schranz på Commons |
Karl Schranz (fødd 18. november 1938) er ein austerriksk tidlegare alpinist frå St. Anton am Arlberg i Tirol som vann verdscupen i alpine greiner både i 1969 og 1970. Han vart dobbeltvinnar under VM i alpine greiner 1962 med sigrar i utfor og kombinasjonen og vart verdsmeister i storslalåm i 1970. Schranz vann 12 renn i verdscupen.
I 1972 vart Schranz grunna brot på amatørreglane utestengd frå vinter-OL i Sapporo. Etter utestenginga la Schranz opp som alpinist.
Schranz bidrog mykje til at VM i alpine greiner 2001 vart arrangert i heimbyen St. Anton, der han eig og driv eit hotell.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- VM i alpine greiner 1962 i Chamonix: Gullmedalje i utfor og kombinasjon, sølv i storslalåm
- Vinter-OL 1964 i Innsbruck: Sølvmedalje i storslalåm
- VM i alpine greiner 1966 i Portillo: Bronsemedalje i storslalåm
- VM i alpine greiner 1970 i Gherdëina : Gullmedalje i storslalåm
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1938
- Austerrikske alpinistar
- Verdsmeistrar i alpine greiner
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Austerrike
- Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1960
- Alpinistar under vinter-OL 1960
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1964
- Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1964
- Alpinistar under vinter-OL 1964
- Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1968
- Alpinistar under vinter-OL 1968