Kaisa Parviainen
Utsjånad
Kaisa Parviainen | |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Finland |
Fødd | 3. desember 1914 Juankoski |
Død | 21. oktober 2002 (87 år) Raumo |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1948, Sommar-OL 1952 |
Katri Vellamo Parviainen, kjend som Kaisa Parviainen, (3. desember 1914–21. oktober 2002) var ein finsk idrettsutøvar frå Muuruvesi i Norra Savolax. Ho vann sølvmedaljen i spjutkasting under Sommar-OL 1948, den fyrste finske kvinna som vann ein OL-medalje.
Parviainen vart i 1948 finsk meister i lengdehopp og i spjutkast. Under dei olympiske leikane 1948 i London gjorde ho sitt livs beste spjutkast med 43,79 meter, einast storfavoritten Herma Bauma frå Austerrike kasta lengre. Ho vart elles nummer 23 i lengdehopp.
I 1950 så vel som i 1951 vann Parviainen spjutkast-øvinga i den finske meisterskapen. I 1952 enda ho på 16. plass i spjutkastina under Sommar-OL på finsk heimebane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kaisa Parviainen» frå Wikipedia på finsk, den 24. juli 2020.