[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Fylkesveg 5442

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fylkesveg 5442
Brua er ikkje del av Fv5442, men vegen til Masfjorden er synleg oppe i bergsida inne i dalen bak brua.
Brua er ikkje del av Fv5442, men vegen til Masfjorden er synleg oppe i bergsida inne i dalen bak brua.
Strekning
Matre i Masfjorden–Ortnevik i Høyanger
Informasjon
Status
Fylke
fylkesveg
Vestland
Restriksjonar
Vinterstenging Bjordal-Stordalen

Fylkesveg 5442 i Vestland fylke går mellom Matre i Masfjorden og Ortnevik i Høyanger.

Det er ikkje bygd veg mellom Ortnevik og Nese i Vik, men på bestemde vekedagar er det båtsamband mellom Ortnevik og Vik som kan ta med bilar.[1]

I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet, og traséen til Fylkesveg 5442 står av fylgjande gamle fylkesvegar:[2]

I 1930-åra hadde Høyanger kommune berre lokale grendevegar på sørsida av Sognefjorden. Etter at kommunane Kyrkjebø og Lavik var slått saman til Høyanger kommune 1963 fekk innbyggjarane i den tidlegare Lavik kommune ein mykje lengre veg til kommunesenteret enn før. Derfor blei det vedteke å byggja veg frå Ikjefjord til Svartemyr, med ferje vidare til Nordeide, saman med ein gjennomgåande veg for grendene i Høyanger sør for Sognefjorden.[3]

Etter ein del diskusjonar om kvar vegen skulle gå blei han bygd ut i etappar. I 1970 blei 3,9 km gammal veg mellom Bjordal og Leirnes oppgradert, traséen Hest–Bjordal blei seinare del av Fv92. 1972 blei 3,5 km mellom Leirnes og Svartemyr teke i bruk saman med ferjesambandet Svartemyr-Nordeide, og same året vart vegen Vamråk–Mjølvik teken i bruk. På dette tidspunktet hadde Ikjefjord vegløysing til Oppedal ferjekai i Ytre Oppedal og ferjesambandet Lavik-Oppedal-Brekke.

Med åra etterpå vart fleire strekningar ferdigbygde: i 1976 Bjordal–Søreide, 1980 Mjølsvik–Ortnevik, og ferjesambandet Ortnevik-Nordeide opna i 1982. Det siste stykket, mellom Søreide og Vamråk blei teke i bruk 1985.[3]

Kommunar og knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]

Masfjorden

Stordalsvegen

  • Fylkesveg 5442 Matre i Masfjorden
  • bru Matredal bru I over Matreselva (33 m)
  • stengt Fossen bom (vinterstengd Fossen-Halsen)
  • bru Haugehøl bru over Matreselva (22 m)
  • bru Kleivhølen bru over Matreselva (25 m)

Høyanger

Stordalsvegen

  1. Skyss rute 1190
  2. «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022. 
  3. 3,0 3,1 Kristin Ese (2005). «Sørsidevegen i Høyanger». Fylkesarkivet i Vestland. Henta 25. januar 2016.