[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Fritz Strobl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fritz Strobl


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 24. august 1972 (52 år)
Lienz
Idrett alpint
Tok del i Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1998, alpine skiing at the 2002 Winter Olympics – men's downhill
Utmerkingar æresteikn i gull for tenester til den austerrikske republikken

Fritz Strobl (fødd 24. august 1972) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Steinfeld i Kärnten. Utforspesialisten Strobl vann OL-gull i utfor i 2002 og VM-sølv i super-G i 2007. I 2007 vann han også lag-gull med Austerrike.

Frå desember 1996 til november 2005 vann Strobl ni renn i verdscupen i alpine greiner; sju i utfor og to i super-G. Han var i 1997 eitt hundredels sekund for seint ute til å vinne ein bronsemedalje under utforrennet i alpin-VM i Sestriere. Året etter enda han på ellevteplassen i spesialgreina under Vinter-OL i Nagano, medan han i 2001 vart nummer seks i same øvinga i VM 2001.

Under OL 2002 i Salt Lake City vart Strobl olympisk meister i yndlingsgreina utfor, med norske Lasse Kjus på sølvplassen. Deretter vart Strobl nummer fire i super-G. I verdsmeisterskapen 2003 i St. Anton kom han i mål til tiandeplassen, før han to år seinare i verdsmeisterskapen i alpint i Bormio atter blanda seg i medaljekampen. Han vart då nummer fire. Alle desse plasseringane kom i utforrenn.

Etter å ha vorte nummer åtte i utfor under vinterleikane 2006, overraska Strobl med å vinne sølvmedaljen i super-G då VM i alpine greiner 2007 fann stad i Åre i Sverige. I same meisterskapen vart han verdsmeister med Austerrike sitt seksmannslag, som elles bestod av Renate Götschl, Michaela Kirchgasser, Benjamin Raich, Marlies Schild og Mario Matt.

Ved sesongslutt 2007 la han opp som aktiv alpinist.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]