[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Fjesing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjesing
Fjesing
Fjesing
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Familie: Fjesingfamilien Trachinidae
Slekt: Trachinus
Art: Fjesing T. draco
Vitskapleg namn
Trachinus draco

Fjesing (Trachinus draco) er ein fisk i fjesingfamilien som blir opp til 41 cm,[1] men sjeldan over 20-30 cm. Han finst frå Vest-Afrika og Middelhavet,[1] til Trondheimsfjorden og inn i den sørlege Austersjøen. Han er vanleg langs kysten sør i Noreg, og er observert nord til Trondheimsfjorden.

Fjesing på havbotnen.
Foto: Erling Svensen/Ocean Photo

Fisken har samantrykt kropp med flekkar og striper i gulbrune, blå eller grøne fargar. På den fremste ryggfinnen sit seks-sju stive piggar, medan den andre ryggfinnen og gattfinnenn er lang med mjuke strålar.[1] Den fremste ryggfinnen og gjellelokka har piggar som har samband til giftkjertlar.[1]

Symjande fjesing.
Foto: Erling Svensen/Ocean Photo

Fjesingen lever på havbotnen der han grev seg ned i sanden om dagen. Om natta jaktar han bytte som krepsdyr, mangebørstemark og småfisk i frie vassmassar eller ved botnen.[1]

Gytetida er mellom juni og august. Fisken legg små egg i pelagiske soner.[1] Fisken legg ut mot djupare vatn om hausten.[1]

Fjesing har giftige piggar og er farleg også for menneskje. Fisken grev seg ned i sanden, og det hender at badande trakkar på han og bli stukke. Fiskarar er også utsette. Når ein vert stukke skal ein reinse såret og putte den kroppsdelen som har blitt stukke, i vatn, ca. 40-45 °C. Giftstoffa vert øydelagde av varmen.[1] Blodet må få renne fritt ut av såret. Innan 45 minutt bør smerta vere på retur. Dersom hevinga eller smertene forsvinn og så kjem attende, bør ein gå til lege. Det har vore observert tilfelle der fjesingstikk har ført til amputasjon, og til og med død, men det er svært uvanleg.

Bruk som mat

[endre | endre wikiteksten]

Fjesing kan brukast som matfisk, men det blir ikkje driva målretta fiske på han i Noreg.[1]

Teikning av fjesing frå 1767.
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 «fjesing». Store norske leksikon (på norsk). 21. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]