Fidra
Fidra Lokalt namn Fiodra | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Firth of Forth |
Koordinatar | 56°04′N 2°47′W / 56.07°N 2.78°W |
Øygruppe | Øyane i Firth of Forth
|
Areal | 0,1 km²
|
Høgaste punkt | 20 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | East Lothian
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Fidra (tidlegare Fidrey[1]) er ei busetnadslaus øy i Firth of Forth, 4 km nordvest for North Berwick på austkysten av Skottland.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Som mange av øyane nær North Berwick har Fidra vulkansk opphav og vart danna for kring 335 millionar år sida. Fidra består av tre delar, ein ås i eine enden med eit fyr på, ein lågare del i midten og ein staur i den andre enden.[2]
Som den nærliggande Bass Rock har øya store fuglekoloniar og er eit reservat. Landsbyen Gullane ligg i sørvest. Restane av eit gammalt kappel ligg på øya. Det er frå 1100-talet då øya høyrte til baroniet Dirleton.
Fyret
[endre | endre wikiteksten]Fyret vart bygd i 1885 og automatisert i 1970. Eit kainanlegg knytt til fyret ligg på austsida av øya.[3] Lyset blinkar fire gonger kvart 30. sekund.[4]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bilete frå Fidra
- Fidra fyr Arkivert 2006-01-01 ved Wayback Machine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fidra» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Lewis, Samuel (1846). «Faifley - Fifeshire». A Topographical. Henta 8. februar 2010.
- ↑ «Fidra». Gazetteer for Scotland. Henta 8. februar 2010.
- ↑ Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
- ↑ Reeds Small Craft Almanac, London, Adlard Coles Nautical, 2007
56°04′23″N 2°47′0″W / 56.07306°N 2.78333°W{{#coordinates:}}: kan ikkje ha meir enn éin primærtagg per side