[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Farsund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Farsund
stad
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Farsund
Areal 3,05 km²
Folketal 3 472  (2023)
Folketettleik 1 138 / km²
Postnummer 4550 FARSUND
Innbyggjarnamn farsundar
Preposisjon i Farsund
Kart
Farsund
58°05′41″N 6°48′17″E / 58.09479°N 6.80468°E / 58.09479; 6.80468
Wikimedia Commons: Farsund (town)

Farsund er ein by og administrasjonssenteret i Farsund kommune i Agder fylke. Tettstaden ligg på vestsida av sundet som fører inn til Lyngdalsfjorden, og på øyane i sundet: Engøy, Farøy og Gåseholmen, alle med brusamband. Namnet på tettstaden kjem frå sundet mellom Farøy og Spindsodden.[1] Farsund har 3 472 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Farsund voks fram ved skipsleia langs Farøya lengst nord på Listalandet, og vart ein veksande handelsstad med kjøpstadsrett frå 1849. Byen er sterkt prega av Lund-slekta, som og har æra for å ha grunnlagt han. Mange av dei mest kjende bysborna frå Farsund er knytt til denne familien, mellom dei Eilert Sundt.

Mot slutten av 1700-talet voks Farsund fram som ein handels- og sjøfartsby som var godt kjend ute i resten av verda. Mykje av æra for Farsunds framgang på den tida hadde Jochum Brinch Lund. Lund vert rekna som grunnleggjaren av Farsund. Lund budde i bygget der Nordea Bank i dag held til. Dei fire trea han hadde i hagen finn ein att i byvåpenet.

Farsund er framleis rekna som sjøfartsby, og fleire reiarlag er etablert her. Farsund er eit viktig handels- og servicesenter, og her kjem Farsunds Avis ut. I sentrum står Frelserens kirke, ei langkyrkje i stein frå 1785.[2]

  1. «Farsund – tettstedet». Store norske leksikon. 4. august 2015. Henta 20. januar 2018. 
  2. «Farsund». Store norske leksikon. 2. november 2017. Henta 20. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]