Forvirring
Utsjånad
Forvirring innan medisin er ein tilstand som er prega av rådvill, uklarheit og mangel på evne til å samla tankane og tala samanhengande. Tilstanden blir òg kalla amentia, og er ei sterk forstyrring av medvitslivet.[1] Ein akutt forvirringstilstand kan også kallast delirium.[2]
Forvirring kan oppstå ved dei fleste alvorlege psykiske lidingar, i tillegg ved organiske hjartesjukdomar, forgifting, alvorleg febersjukdommar og ekstrem utmatting. Forvirring kan òg oppstå reint psykisk,[1] eller som følgje av medikamentbruk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «forvirring». Store norske leksikon (på norsk). 22. januar 2023.
- ↑ Dr. Gurvinder Rull (13. januar 2009). «Acute Confusional State». patient.info. 1714/22/bgp2104.