Erik Hagen
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Erik Bjørnstad Hagen | ||
Kallenamn | Panzer | ||
Fødd | 20. juli 1975 | ||
Fødestad | Veme | ||
Høgd | 187 cm | ||
Posisjon | Midtstoppar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Vålerenga Fotball | ||
Nummer | 5 | ||
Ungdomsklubbar | |||
Jevnaker | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1996–97 1998–99 2000–04 2005–08 2008–08 2008–no |
Jevnaker Liv/Fossekallen Vålerenga Zenit Wigan (lån) Vålerenga |
42 (6) 24 (0) 113 (4) 67 (3) 1 (0) 9 (0) | |
Landslag | |||
2004– | Noreg | 28 (3) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 7. april 2009 ‡ Landslagsmål oppdatert 2. august 2008 |
Erik «Panzer» Hagen (fødd 20. juli 1975) er ein norsk fotballspelar. Han er midtstoppar, og er kjend for god fysikk og tøff spelestil.
Klubbfotball
[endre | endre wikiteksten]Vålerenga
[endre | endre wikiteksten]Hagen fekk kallenamnet «Panzer» tidleg i tida i Vålerenga. Han og midtstopparkollega Kjetil Wæhler var det beste stopparparet i tippeligaen i sesongen 2004, og Vålerenga sleppte inn berre 22 mål i sølvsesongen, ni færre enn Lyn som var det laget i Tippeligaen som sleppte inn nest færrast det året.
FK Zenit
[endre | endre wikiteksten]Omtrent samstundes med landslagsdebuten blei Hagen seld frå Vålerenga til den russiske klubben FK Zenit i St. Petersburg for om lag 8 millionar kroner. I 2005 spela Hagen 28 seriekampar for Zenit, og fekk 12 gule kort. I januar 2006 blei han vald til visekaptein på laget.
Sommaren 2007 var han ikkje lenger førsteval, og det var klart at Hagen ønskte seg vekk frå FK Zenit etter at den russiske klubben kjøpte ein ny midtstoppar.
Wigan
[endre | endre wikiteksten]Den 29. januar 2008 signerte Erik Hagen ein leigeavtale med Wigan, noko som sikra han spel i Premier League fram til sesongslutt. Den einaste kampen hans for førstelaget var i eit tap mot Portsmouth.
Retur til Vålerenga
[endre | endre wikiteksten]29. juli 2008 blei Hagen presentert som ny spelar på Ullevål stadion før Vålerengas seriekamp mot Tromsø.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]I oktober 2004 debuterte Erik Hagen på det norske landslaget, 29 år gamal. Hagen har spela 28 A-landskampar for Noreg, og scora 3 mål (pr 2. august 2008).
Merittar
[endre | endre wikiteksten]Vålerenga Fotball
- Cup-meister: 2002
- Nr 2 i Tippeligaen: 2004
FK Zenit
Personlege
- Erik Hagen fekk i 2004 Kniksen-prisen som Årets Forsvarsspelar og Årets Kniksen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Spelarprofil på heimesidene til Vålerenga Fotball Arkivert 2009-05-15 ved Wayback Machine.