Electric Warrior
Electric Warrior Studioalbum av T. Rex | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 24. september 1971 | |
Innspelt | Mars til juni 1971 | |
Studio | Trident and Advision, London; Wally Heider, Los Angeles; Media Sound, New York City | |
Sjanger | ||
Lengd | 39:02 | |
Selskap | Fly (Storbritannia), Reprise (USA) | |
Produsent | Tony Visconti | |
T. Rex-kronologi | ||
---|---|---|
T. Rex (1970) |
Electric Warrior | The Slider (1972)
|
Singlar frå Electric Warrior | ||
Electric Warrior er eit album frå 1971 av Marc Bolan-bandet T. Rex, det sjette albumet deira sidan debutalbumet som Tyrannosaurus Rex i 1968, og det andre under namnet T. Rex. Albumet markerte eit vendepunkt i stilen deira, bort frå viseprega musikk frå tidlegare album til ein banebrytande, teatralsk og popvenleg, elektrisk rock & roll kjend som glamrock.[1]
Albumet gjekk til topps på den britiske albumlista og vart det bestseljande albumet i 1971. Singelen «Get It On» nådde topp 10 på amerikanske Billboard Hot 100. Songen vart kalla «Bang a Gong (Get It On)» av det amerikanske plateselskapet, og det vart òg den einaste hitten deira i Nord-Amerika.
Electric Warrior har sidan vore kritikarrost som eit høgdepunkt i glamrockrørsla og hadde stor innverknad på seinare musikarar innan ulike sjangrar.
Marknadsføring
[endre | endre wikiteksten]Marc Bolan sa i eit intervju i 1971 trykt i omslaget til Rhino Records-utgåva: «Eg trur Electric Warrior, for meg, er det førstealbumet som er eit uttrykk for 1971 for oss i England. Altså, om nokon ønskjer å vite kvifor me var store i andre delar av verda, så syner dette albumet det, for meg.»[2]
Bolan var gjest på BBC Television-showet Cilla i januar 1973. Han og Cilla Black song ein akustisk versjon av «Life's a Gas».[3]
Plateomslag
[endre | endre wikiteksten]Plateomslaget var designa av den britiske kunstnargruppa Hipgnosis, basert på eit fotografi teken av Kieron «Spud» Murphy på ein T. Rex-konsert.[4] Murphy tok òg biletet band nytta for plakaten som følgde dei første utgåvene av albumet i Storbritannia og Tyskland. På innsida av omslaget var det bilete av Marc Bolan og Mickey Finn, teikna av kunstnaren George Underwood.
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Electric Warrior kom ut 24. september 1971 på Fly i Storbritannia og Reprise i USA. Det gjekk til topps på UK Albums Chart, og låg på toppen i åtte veker. I alt låg albumet 44 veker inne på den britiske albumlista.[5] Før albumet kom ut, kom singelen «Hot Love», ein hitsingel i Storbritannia som låg seks veker på toppen av singellista.[6] I USA nådde Electric Warrior 32. plassen på Billboard 200-lista.[7]
Det kom ut to singlar frå albumet: «Get It On» og «Jeepster». «Get It On» var den bestseljande singelen til T. Rex og vart den einaste singelen deira som nådde topp 10 i USA.[8] I USA vart tittelen på songen endra til «Bang a Gong (Get It On)» for å skilje han frå Chase-songen «Get It On», som òg kom ut seint i 1971.[9]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Christgau's Record Guide | B[10] |
Encyclopedia of Popular Music | [11] |
Q | [12] |
MusicOMH | [13] |
Pitchfork | 9.5/10[14] |
Uncut | [15] |
Record Collector | [16] |
I ei positiv melding for Rolling Stone i 1972, skreiv Ben Gerson om overgangen til Bolan frå dei tidlegare eventyrtekstane hans til «vanlege rock & roll-klisjear, i tillegg til vanlege pseudo-poetiske, pseudo-filosofiske rock and roll-klisjear. Det Marc verkar å prøve og seie på Electric Warrior er at rock til sjuande og sist er like sjarmerande som trollmenn og einhyrningar, og til slutt ikkje eksisterer lenger».[17] Gerson konkluderte med at albumet etablerte Bolan som «den tyngste rockaren under 163 cm i verda i dag.»[17] The Village Voice-kritikaren Robert Christgau var reservert: «Ein tilfeldig hit gjorde Bolan til ein songar av rytmiske eventyr for britiske barn, nøyaktig det han alltid har passa til, og den store 'Bang a Gong' strekkjer temaet hans inn i sjølve rockemyta, som visst er noko avgrensa, men likevel slår einhyrningar. Om han no berre kunne ha resirkulert eit par ferdige popsongar til, så kan eg slutte å klage.»[10]
Seinare har Electric Warrior fått god omtale og vert rekna som eit av dei beste verka til Marc Bolan. Chris Jones i BBC Music kalla albumet eit «stykke pophimmel,» og meinte at «dette var punktet då han og den mangeårige produsenten hans Tony Visconti tok hippie-tekstane og 'Larry the lamb'-synginga og festa dei til god, gammal, nedstrippa, streit rock 'n' roll.»[18] Steve Huey i AllMusic kalla «albumet som i røynda starta den britiske glamrock-bølgja» og skriv at «den eigentlege årsaka til at Electric Warrior står seg så godt - trass i at det ikkje var meint slik - er at det frydar seg så fritt i sin eigen absurditet og forsettelege mangelen på substans. Bolan sin mangel på pompositet, den enkle låtskrivinga og den utførlege teatralske framføringa var med å påverke alt frå hardrock til punk til new wave.»[1] Brian James i Pitchfork kalla albumet «det første og beste av ein trio glimrande album» og skreiv at «Når T.Rex slår til, høyrest dei ut som dei har den kjekkaste og absurd beste tida som nokon gong er festa til vinyl», men la til at «den viktigaste sida ved Electric Warrior er ikkje på songane med arenarock-haldninga, men når Bolan let den smilande maska falle. På balladar som 'Cosmic Dancer', 'Monolith' og 'Girl' talar han den same tøvet som alle andre stader, men han er tydelegvis gripen - men av kva veit me ikkje.»[19]
Lovord
[endre | endre wikiteksten]I 1987 vart Electric Warrior rangert på 100. plassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste albuma dei siste 20 åra. I 2003 vart albumet rangert på 160. plasse nav same magasinet på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Denne plassen hadde det òg på den reviderte lista frå 2012.[20] På den nye lista til Rolling Stone i 2020, hamna albumet på 188. plassen. I 2004 rangerte Pitchfork albumet som det 20. beste albumet frå 1970-åra.[21] Albumet finst er med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[22] Albumet vart stemt fram til 873. plassen i den tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000).[23]
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]Albumet er ofte rekna som det første glamrockalbumet, og var ein pioner i utviklinga av glamrockstilen.[1]
Paul Weller i The Jam kalla albumet favorittalbumet hans, og meinte at gitarspelinga til Bolan var «verkeleg unik. Du kjenner at stilen hans med ein gong».[24] Lol Tolhurst i The Cure sa at dei lytta til albumet i tidlege år av karrieren: «Me lytta til T.Rex på den tida og eg hugsar at Robert [Smith] hadde eit eksemplar av Electric Warrior».[25] The Slits-gitaristen Viv Albertine nemnte òg at han likte dette albumet på grunn av «heile lyden, heile den teikneserieaktige, seksuelle og humoristiske greia. Det er òg veldig engelsk. Eg trur Prince har henta mykje frå Bolan.»[26] Samarbeidspartnaren til PJ Harvey, John Parish, rekna albumet blant favorittane hans: «når eg arbeidar likar eg å ha eit par plater som er dei viktigaste for meg, og som er periodevis set på for å minne meg sjølv på kor bra plater kan vere. Eg har som mål å prøve og lage noko som er minst like søtt og uimotståeleg».[27] Morrissey spelte «Cosmic Dancer» på konsertane sine i 1991, både som solo og i ein duett med David Bowie under eit ekstranummer på ein konsert i Los Angeles. Ein versjon vart gjeven ut som B-side til «Pregnant for the Last Time». Bobby Gillespie i Primal Scream har omtalt «Get it On» som ein av favorittsongane hans,[28] og sa «Då eg voks opp, var singlar kunstnariske ytringar. Folk som T.Rex endra seg heile tida. Som ein fan ønskte du å vite kva dei kom til å ha på seg og om du kunne følgje dei til den nye staden».[29] The Pixies spelte inn ein versjon av «Mambo Sun» som B-side til ein av singlane sine.[30]
Bruk i media
[endre | endre wikiteksten]Fleire av songane på albumet er brukt i andre media:
- 1998: «Cosmic Dancer» vart nytta i filmen Velvet Goldmine
- 2000: I opningsscenen av filmen Billy Elliot (2000), set hovudrollefiguren på Electric Warrior og hoppar til songen «Cosmic Dancer».
- 2007: Songen «Jeepster» er med i ein barscene av Quentin Tarantino-filmen Death Proof
- 2019:
- «Cosmic Dancer» er mykje med i dei siste scenane av Netflix-dokumentaren Dancing with the Birds.[31]
- Songen «Jeepster» er med i TV-serienSex Education. I 2020 var «Cosmic Dancer» med i opningsscenen på episode 3 av sesong 2 av serien.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Marc Bolan.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Mambo Sun» | 3:40 |
2. | «Cosmic Dancer» | 4:30 |
3. | «Jeepster» | 4:12 |
4. | «Monolith» | 3:49 |
5. | «Lean Woman Blues» | 3:02 |
Total lengd: | 18:33 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Get It On» | 4:27 |
2. | «Planet Queen» | 3:13 |
3. | «Girl» | 2:32 |
4. | «The Motivator» | 4:00 |
5. | «Life's a Gas» | 2:24 |
6. | «Rip Off» | 3:40 |
Total lengd: | 19:36 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
12. | «There Was a Time» | 1:00 |
13. | «Raw Ramp» | 4:16 |
14. | «Planet Queen» (akustisk versjon) | 3:00 |
15. | «Hot Love» | 4:59 |
16. | «Woodland Rock» | 2:24 |
17. | «King of the Mountain Cometh» | 3:57 |
18. | «The T. Rex Electric Warrior Interview» | 19:35 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
12. | «Rip Off» (Work in Progress) | 2:30 |
13. | «Mambo Sun» (Work in Progress) | 3:57 |
14. | «Cosmic Dancer» (Work in Progress) | 5:15 |
15. | «Monolith» (Work in Progress) | 4:47 |
16. | «Bang A Gong (Get It On)» | 4:43 |
17. | «Planet Queen» (Work in Progress) | 0:56 |
18. | «The Motivator» (Work in Progress) | 4:19 |
19. | «Life's a Gas» (Work in Progress) | 3:14 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]T. Rex
- Marc Bolan – vokal, gitar
- Mickey Finn – congatrommer, bongotrommer, vokal
- Steve Currie – bassgitar
- Bill Legend – trommer, tamburin
Andre medverkande
- Howard Kaylan – korvokal
- Mark Volman – korvokal
- Rick Wakeman – klaverinstrument på «Get It On»
- Ian McDonald – saksofon
- Burt Collins – flygelhorn
Teknisk
- Tony Visconti – produsent
- Roy Thomas Baker – lydteknikar
- Martin Rushent – lydbandoperatør
- George Underwood – plateomslag, fotografi
- George Marino – mastering
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1971/2) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[32] | 15 |
UK Albums Chart[33] | 1 |
USA (Billboard 200)[7] | 32 |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
USA (RIAA)[34] | Gull | 500 000^ |
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Electric Warrior» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juli 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Huey, Steve. «Electric Warrior – T. Rex». AllMusic. Henta 16. juli 2021.
- ↑ «Marc Bolan interview [Electric Warrior US Rhino remastered CD reissue]». 2003.
- ↑ «Life's A Gas – Cilla Black & Marc Bolan Song – BBC Music». BBC. Henta 16. juli 2021.
Hann, Michael (15. september 2014). «Cilla Black: five unlikely musical moments». The Guardian. Henta 16. juli 2021.
Dave Milton. «Marc Bolan & Cilla Black – Life's A Gas». Henta 16. juli 2021 – via YouTube. - ↑ Paytress, Mark. Bolan: The Rise and Fall of a 20th Century Superstar. Omnibus Press. 2003.
- ↑ «T. Rex Electric Warrior Official Charts». Official Charts. Henta 16. juli 2021.
- ↑ «T. Rex Hot Love Official Charts». Official Charts. Henta 16. juli 2021.
- ↑ 7,0 7,1 «Electric Warrior – Billboard». AllMusic. Arkivert frå originalen 7. september 2012. Henta 15. juli 2021.
- ↑ «T. Rex – Chart History». Billboard. Arkivert frå originalen 9. mai 2016. Henta 15. juli 2021.
- ↑ Roberts, Chris (30. september 2016). «It's Electric: How Marc Bolan Made The Greatest Album Of His Career». Classic Rock. Henta 16. juli 2021.
- ↑ 10,0 10,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: T». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 16. mars 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0857125958.
- ↑ Q (9/01, pp.137–8) – 4 stars out of 5 – «...Glistening, seemingly extra-terrestrial prettiness....bewitching stuff...»
- ↑ Burgess, Andrew (23. april 2012). «T Rex – Electric Warrior». MusicOMH. MusicOMH. Henta 16. juli 2021.
- ↑ James, Brian (25. februar 2003). «T. Rex: Electric Warrior | album Review | Pitchfork». Pitchfork. Henta 16. juli 2021.
- ↑ Roberts, Chris (October 2001). «T. Rex – Electric Warrior». Uncut. Rocks Back Pages. Henta 16. juli 2021.
- ↑ Needs, Kris. «T.REX – ELECTRIC WARRIOR: DELUXE EDITION». Record Collector. Record Collector. Henta 16. juli 2021.
- ↑ 17,0 17,1 Gerson, Ben (6. januar 1972). «T. Rex Electric Warrior review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 11. februar 2018. Henta 16. juli 2021.
- ↑ Jones, Chris (29. september 2003). «BBC – Music – Review of T. Rex – Electric Warrior (SACD)». BBC Music. Henta 16. juli 2021.
- ↑ James, Brian (25. februar 2003). «T. Rex: Electric Warrior | album Review | Pitchfork». Pitchfork. Henta 16. juli 2021.
- ↑ «500 Greatest Albums of All Time Rolling Stone's definitive list of the 500 greatest albums of all time». Rolling Stone. 2012. Henta 18. september 2019.
- ↑ «Staff Lists: Top 100 Albums of the 1970s | Features | Pitchfork». Pitchfork. 23. juni 2004. Arkivert frå originalen 20. juli 2014. Henta 16. juli 2021.
- ↑ Robert Dimery; Michael Lydon (7. februar 2006). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 0-7893-1371-5.
- ↑ Colin Larkin, red. (2006). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 269. ISBN 0-7535-0493-6.
- ↑ Colegate, Mat (7. mai 2015). «At His Modjesty's Request: Paul Weller's Favourite Albums». The Quietus. Arkivert frå originalen 8. august 2018. Henta 16. juli 2021.
- ↑ Peacock, Tim (1. august 2014). «Searching For The Cure». Recordcollectormag.com. Henta 2. april 2021.
- ↑ Hasson, Thomas (18. april 2013). «Like Choosing A Lover: Viv Albertine's Favourite Albums». The Quietus. Henta 22. november 2017.
- ↑ «Spot Five Records That Move The Animal in Producer/Sideman Extraordinaire John Parrish (PJ Harvey/Eels)». CMJ New Music Monthly: 18. November 2002.
- ↑ «Bobby Gillepsie'S Fan-Ish Inquisition». NME. 5. februar 2000. Arkivert frå originalen 4. februar 2020. Henta 16. juli 2021.
- ↑ Moody, Paul (21. mai 2019). «Primal Scream's Most Seminal Moments, As Told By Bobby Gillespie». Anothermanmag. Henta 16. juli 2021.
- ↑ «Pixies – Hear Me Out / Mambo Sun [12» inch vinyl]". Infectious Music – INFECT584LP. 2020.
- ↑ Waters, Hannah. «In Netflix's 'Dancing withe the Birds,' We See the Other Side of Bizarre Avian Spectacle». Audubon.org. The National Audubon Society. Henta 18. februar 2020.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 302. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «The Official UK Charts Company: All the Number 1 Albums». Official Charts. Arkivert frå originalen 9. februar 2008. Henta 16. juli 2021.
- ↑ «American album salstrofé – T. Rex – Electric Warrior». Recording Industry Association of America. Henta 12. mars 2021. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Electric Warrior på Discogs (liste over utgjevingar)
189: Dig Me Out Sleater-Kinney |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 188 Electric Warrior T. Rex |
187: AmeriKKKas Most Wanted Ice Cube |
161: The Dock of the Bay Otis Redding |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 160 Electric Warrior T. Rex |
159: Alive! Kiss |