Edvard O. Landheim
Edvard O. Landheim | |||
| |||
Fødd | 12. september 1856 Dovre kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 29. juli 1933 (76 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeiderdemokratene, Venstre | ||
Yrke | bonde, politikar | ||
Alle verv |
|
Edvard Olsson Landheim (12. september 1856–29. juli 1933) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Dovre i Oppland. Han representerte Venstre på Stortinget i tida 1898-1903 og Arbeiderdemokratene frå 1908 til 1918.
Landheim gjekk folkehøgskule i Veøy i Romsdal i 1874/75 og på Vonheim folkehøyskole 1880/81. I 1882 tok han over farsgarden på Dovre og dreiv han i mange år. Frå 1903 var han også kontrollør av brennevinsproduksjonen i Oplandske distrikt. Landheim var medlem av heradsstyret i Dovre frå 1887 til 1910. Han var ordførar 1896-1901 og 1904-07. Forlikskommissær i perioden 1888-1910.
Landheim representerte Kristians amt på Stortinget 1898-1903 og krinsen Nord-Gudbrandsdalen 1910-18. Han var varamann 1906-09, møtte då frå 25. mars 1908 og ut stortingsperioden i staden for Johan Castberg. Landheim var medlem av vegkomiteen 1898-1903, kyrkjekomiteen 1908-09, gasje- og pensjonskomiteen 1910-12, og både av landbrukskomiteen og valkomiteen 1913-15. Dei tre siste periodane, 1910-18, var han også medlem av Lagtinget.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Edvard O. Landheim NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1856
- Døde i 1933
- Stortingsrepresentantar 1898-1900
- Stortingsrepresentantar 1901-1903
- Stortingsrepresentantar 1907-1909
- Stortingsrepresentantar 1910-1912
- Stortingsrepresentantar 1913-1915
- Stortingsrepresentantar 1916-1918
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Stortingsrepresentantar frå Arbeiderdemokratene
- Stortingsrepresentantar for Oppland
- Ordførarar i Dovre
- Venstreordførarar i Oppland
- Norske gardbrukarar
- Folk frå Dovre