[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Der Baader Meinhof Komplex

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Der Baader Meinhof Komplex
RegiUli Edel Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Bernd Eichinger Sjå dette på Wikidata
ManusBernd Eichinger Sjå dette på Wikidata
Basert påDer Baader-Meinhof Komplex Sjå dette på Wikidata
MedverkandeMoritz Bleibtreu, Martina Gedeck, Johanna Wokalek, Bruno Ganz, Alexandra Maria Lara, Nadja Uhl, Alexander Held, Anna Thalbach, Hannah Herzsprung, Heino Ferch, Jan Josef Liefers, Jasmin Tabatabai, Michael Gwisdek, Smaïl Mekki, Stipe Erceg, Susanne Bormann, Tom Schilling, Vinzenz Kiefer, Volker Bruch, Simon Licht, Sebastian Blomberg, Hans-Werner Meyer, Niels Bruno Schmidt, Daniel Lommatzsch, Katharina Wackernagel, Thomas Thieme, Hubert Mulzer, Bernd Stegemann, Annika Kuhl, Patrick von Blume, Sandra Borgmann, Michael Schenk, Hannes Wegener, Johannes Suhm, Christian Schmidt, Stephan Möller-Titel, Andreas Tobias, Jona Mues, Elisabeth Schwarz, Britta Hammelstein, Christian Blümel, Peter Schneider, Leopold Hornung, Christian Näthe, Martin Glade, Andreas Schröders, Nina Eichinger, Sunnyi Melles, Rainer Reiners, Joachim Paul Assböck, Kirsten Block, Andreas Borcherding, Leonie Brandis, Ben Braun, Aaron Hildebrand, Christian Hoening, Norbert Hülm, Ralph Kretschmar, Carlo Ljubek, Bettina Lohmeyer, Jim McKay, Henrike von Kuick, Karl-Heinz Köpcke, Esther Seibt, Muhammed Reza Pahlavi, Frank-Otto Schenk, Farah Pahlavi, Willy Brandt, Jakob Diehl, Wolfgang Pregler, Hassam Ghancy, Samir Fuchs, Christian Kerepeszki, Leon Palamarciuc, Sebastian Rüger, Tessie Tellmann, Cyrill Berndt, Kim Frank, Adam Jaskolka, Paul Schlase, Stephan Meyer-Kohlhoff, Nicolas Walier, Helmut Schmidt, Ralf Tempel, Katja Zinsmeister, Oliver Walser, Johanna Bönninghaus Sjå dette på Wikidata
KlippAlexander Berner Sjå dette på Wikidata
MusikkPeter Hinderthür, Florian Tessloff Sjå dette på Wikidata
SjeffotografRainer Klausmann Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapConstantin Film Sjå dette på Wikidata
DistributørConstantin Film Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato25. september 2008 (Tyskland)[1]
Lengd150 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandFrankrike, Tyskland, Tsjekkia Sjå dette på Wikidata
Språktysk
Sjangerdramafilm, filmar som byggjer på litterære verk, biografisk film, politisk thriller, actionfilm, Krim(film) Sjå dette på Wikidata

Der Baader-Meinhof-Komplex er ein tysk film frå 2008 om Rote Armee Fraktion, RAF. Moritz Bleibtreu, Martina Gedeck og Johanna Wokalek speler hovudrollane. Filmen er basert på ei dokumentarbok av Stefan Aust med same namn. Handlinga i filmen har tyngdepunktet på det som skjedde frå då studentaktivisten Benno Ohnesorg døydde i ein demonstrasjon i 1967 og til terroristane Gudrun Ensslin, Andreas Baader og Jan Carl Raspe døydde i 1977.

Innspeling av filmen

[endre | endre wikiteksten]

Ein tok til å spele inn filmen i august 2007 under dekknamnet "Moby Dick". Innspelingsstadene var Berlin, München, Stammheim, Roma och Marokko. Til no er dette den dyrast filmproduksjonen i Tyskland. Filmen hadde premiere i Tyskland 25 september 2008, norsk førpremiere under Bergen internasjonale filmfestival 15. oktober 2008 og norsk premiere 31. oktober 2008.

Sidan filmen tek opp eit fenomen som utgjer eit nasjonalt traume i Tyskland, har filmen vekt stor merksemd og debatt. Mottakinga av filmen har då òg gått i ulike retningar.

Dotter til RAF-medlem Ulrike Meinhof, Bettina Röhl, kritiserte filmen for å drive heltedyrking av Rote Arme Fraktion. Ho var særleg kritisk til at ein hadde brukt Moritz Bleibtreu til å spele Andreas Baader. Ho meinte at Bleibtreu som populær skodespelar i seg sjølv ville vekkje sympati hos ungdom for rollefiguren, dinest at filmen ikkje fekk fram kva for ein stor psykopat Baader var. Röhl meinte òg at ofra ikkje kom nok fram.

Michael Buback, son til tidlegare riksadvokat Siegfried Buback, myrda av RAF i 1977, gjekk tidleg ut med at han tvila på om filmen fortalde det som var historisk korrekt. Etter å ha sett filmen nyanserte han synet sitt, men han var framleis redd for at tilskodarane kunne kome til å identifisere seg for mykje med terroristane.

Meir positiv var Jörg Schleyer, sonen til Hanns Martin Schleyer, som vart drepen av RAF i 1977. Schleyer meinte at filmen var storarta, og at den viste at RAF-medlemene var nådelause, grusame mordarar.

  1. http://www.kinokalender.com/film2559_der-baader-meinhof-komplex.html; vitjingsdato: 24. november 2017.