Demi Moore
Demi Moore | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 11. november 1962 (62 år) Roswell |
Yrke | teaterskodespelar, musicalskuespiller, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar, stemmeskodespelar, filmprodusent, TV-produsent, filmregissør, TV-regissør, modell, låtskrivar, aktivist, velgjerar, memoarforfattar |
Språk | engelsk |
Politisk parti | Det demokratiske partiet i USA |
Far | Charles Harmon |
Mor | Virginia King |
Ektefelle | Freddy Moore, Bruce Willis, Ashton Kutcher |
Partnar | Timothy Hutton, Emilio Estévez |
Demi Moore på Commons |
Demi Moore (fødd 11. november 1962) er ein USA-amerikansk skodespelar, fotomodell og filmprodusent.
Moore blei fødd som Demi Gene Guynes i Roswell i New Mexico. Familien hennar levde eit omflakkande liv, prega av alkoholmisbruk og vald. Moore hadde også helseplager, som skjegling og nyreproblem. I tillegg er ho fødd med heterokromi, det vil seia at kvart auge har ulik farge.
Demi Moore slutta skulegangen som 16-åring. Ho debuterte som skodespelar i 1982, i science fiction/horrorfilmen Parasite i 3-D, som gjorde det godt på drive-in-kinoar. Etter fleire mindre roller slo Moore gjennom med St. Elmo's Fire (1985) og Ghost (1990). Tidleg på 1990-talet blei ho ei av dei høgast betalte kvinnelege skodespelarane i Hollywood etter suksessar i A Few Good Men (1992), Indecent Proposal (1993) og Disclosure (1994). Filmar seinare i tiåret hadde mindre suksess, men ho kom tilbake i rampelyset gjennom Charlie's Angels: Full Throttle (2003).
Moore var gift med rockemusikaren Freddy Moore, som ho tok etternamnet sitt frå, frå 1980 til 1985. Frå 1987 til 2000 var ho gift med skodespelaren Bruce Willis, som ho har tre barn saman med. Den 24. september 2005 gifta ho seg med skodespelaren Ashton Kutcher.