Gudinna Flora
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Flora.
Flora var ei gudinne for vår og blomar i romersk mytologi. Ho var ein relativt uviktig guddom, men blei likevel feira kvar vår med høgtida floralia. Denne fann stad i april eller mai og blei markert med dansing, drikking og blomar. Flora stod for grøde og høgtida hennar feira gjenfødinga av livet som skjedde kvart år.
Flora var gift med vindguden Favonius. Ho svara til Khloris i gresk gudelære.
Under renessansen blei gudinna teken fram igjen og dyrka av humanistar og kunstnarar frå denne tida i ei større grad enn ho nokon gong hadde vore i Romarriket. Namnet hennar blei eit populært jentenamn og blei knytt til planteliv og vekst. Me finn det framleis i uttrykk som flora og fauna, florabok eller bakterieflora.
-
Flora i Våren (ca. 1482) av Botticelli.
-
Flora eller Hebe av Alexandre Roslin. 1700-talet.
-
Le Triomphe de Flore (1866) av Jean-Baptiste Carpeaux ved Louvre.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Flora ved thaliatook.com