Buq'ata
Buq'ata | |||
بقعاتا | |||
landsby | |||
Vegen inn til Buqata
| |||
Land | Syria, Israel | ||
---|---|---|---|
Israelsk distrikt og underdistrikt | Nord-distriktet, Golan | ||
Syrisk guvernement og distrikt | Quneitra guvernement, Quneitra-distriktet | ||
Stad | Golanhøgdene, (Internasjonalt anerkjend som syrisk territorium okkupert av Israel) | ||
• høgd | 1 070 moh. | ||
- koordinatar | 33°12′N 35°47′E / 33.200°N 35.783°E | ||
Areal | 19,54 km² | ||
Folketal | 5 700 (2007) | ||
Buq'ata 33°12′05″N 35°46′47″E / 33.201388888889°N 35.779722222222°E | |||
Kart som viser Buq'ata.
| |||
Wikimedia Commons: Buqata |
Buq'ata (arabisk بقعاتا, hebraisk בֻּקְעָאתָא) er ein drusarby nord i Golanhøgdene, i dag administrert av Israel. Dei fleste innbyggjarane har syrisk borgarskap. Buq'ata dekkjer eit område på 7 km² mellom Hermonit og fjellet Varda. Han ligg 1 070 meter over havet. I 2007 var folketalet 5 700.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Buq'ata vart grunnlagd i 1880-åra av familiar frå nabobyen Majdal Shams. Han vart øydelagd i 1888 under ei rekkje kampar mellom rivaliserande landsbyar i området, og igjen i 1925 under det store syriske opprøret mot det franske mandatstyret. Han vart ein del av det sjølvstendige Syria i 1946. I løpeg av seksdagarskrigen i 1967, vart byen erobra av Israel. Buq'ata fekk israelsk kommunestatus i 1982.
Sidan opprøret i Syria, har noko valdeleg uro breidd seg over til Buq'ata, der innbyggjarar som er lojale overfor president Bashar al-Assad i Damaskus har slost mot opprørarar.[2]
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Innbyggjarar i Buq'ata har permanent innbyggjarstatus i Israel ogo har rett til israelsk borgarskap. Dei mottar lokale sosialhjelp frå Israel og dei produserer varer for israelske distributørar.[3]
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Hovudnæringa er hovudsakleg jordbruk, med eple og druer som dei viktigaste avlingane. I 2013 hausta Buq'ata 55 000 tonn eple, som er selde til marknader i Israel eller eksporterte til Syria.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Buq'ata» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 31. desember 2008. Henta 3. juli 2014.
- ↑ Echoes of Syria’s War in the Golan Heights
- ↑ 3,0 3,1 Assad harvests support from Druze in Israel - with apple[daud lenkje]