[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Brukardiskusjon:Frokor/Arkiv/2012

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Artikkelen "periglasial" og ei ven stjerne (*) for fantastisk arbeid

[endre wikiteksten]

Tok meg den fridom å endre litt i artikkelen periglasial som du har oppretta. Du har større fagleg forutsetnad enn meg til å vurdere innhaldet, så om du tek ein kikk på den hadde det vore fint. Elles verkar det som natta blei for kort, det står litt omsetting att i artikkelen Slaget ved Wien. Eg kunne tatt morgonøkta på denne, men har ved nokre høve brent meg litt på å blande meg for mykje inn i «andre sine» arbeid, så eg held meg unna akkurat denne artikkelen. Elles er eg mektig imponert over alt arbeidet du gjer på nn, til dømes serien din om Bach sine kantater, det kallar eg ein maktdemonstrasjon! Stå på, men brenn ikkje ut. Mvh --Kaitil 20. januar 2012 kl. 11:32 (CET)[svar]

Takk for det! :) Planen var å halde fram med Wien i dag. Ser at alt ikkje vart kommentert ut ja. Periglasial vart flott den! --Frokor 20. januar 2012 kl. 14:44 (CET)[svar]

La merke til at det ikkje står noko om geografi i artikkelen Hordaland. Eg er ikkje så kjent at eg kan retta på det, men det er kanskje du? (Dette gjeld vel og dei fleste andre fylke.) --Sigmundg 28. januar 2012 kl. 01:25 (CET)[svar]

Eg kan sjå på det ein gong ja :) --Frokor 28. januar 2012 kl. 02:07 (CET)[svar]

Artiklar me bør ha

[endre wikiteksten]

Hei! Uffameg, jeg redigerte på en av dine undersider, beklager så mye. Mvh.Anne-Sophie Ofrim 1. februar 2012 kl. 18:26 (CET)[svar]

Det gjer ikkje så mykje. Eg sette den inn igjen for oversikten si skuld. --Frokor 1. februar 2012 kl. 19:18 (CET)[svar]

Feil omdirigering

[endre wikiteksten]

Hei! Kunne du slette denne omdirigeringa, ho peikar til feil person. [1] Mvh.Anne-Sophie Ofrim 5. februar 2012 kl. 07:54 (CET)[svar]

Omdirigerte heller til Kristian IV av Danmark-Noreg. Blir ikkje det rett? --Frokor 5. februar 2012 kl. 07:55 (CET)[svar]
Jo. Takk. Mvh.Anne-Sophie Ofrim 5. februar 2012 kl. 08:09 (CET)[svar]

Primærfaktor/skardhøgd

[endre wikiteksten]

Fancy kartfunksjon i geoboksen!

I artikkelen Hinter Fiescherhorn endra du kommentaren til primærfaktoren frå

↓ Fieschersattel

til

mot ↑ Gross Fiescherhorn

På enwp er dei fokuserte på "Parent Peak", medan dei tyskspråklege til vanleg gjev namnet på det skaret som skardhøgda er målt mot, så dersom Fieschersattel hadde vore namnlaus ville det på dewp sannsynlegvis ha stått «↓ skardet mot Gross Fiescherhorn», altså mot det enwp kallar "Parent Peak". Av di primærfaktoren er vertikal avstand ned til skardet tykkjer eg at namnet på skardet er minst like interessant som "Parent Peak" – men aller best er det jo å opplyse om begge. Så der begge er kjent foreslår eg derfor at vi skriv (td for Hinter Fiescherhorn) «102 m ↓ Fieschersattel mot Gross Fiescherhorn». Den oppovervende pila finn eg er litt misvisande, sjølv om eg reknar med at det skal symbolisere at Parent Peak er høgare enn toppen som blir omtala.

Omgrepa primær- og sekundærfaktor trur eg blei tatt i bruk av Eivind Røyne i dei første tinderanglingslistene han laga. For tinderanglarer er primærfaktor det viktigaste målet, men for vanlege turgåarar vil ikkje sekundærfaktoren vere av sekundær betydning fordi talet fortel kor fritt fjellet står og dermed kor godt utsyn ein har frå toppunktet. Derfor tykkjer eg den rangeringa som ligg i dei to omgrepa ikkje er heilt velvald, og likar betre skardhøgd i staden for primærfaktor og dominans i staden for sekundærfaktor. Hadde det vore nokon idé å bruke desse eller liknande omgrep i staden?

Og til slutt: Det står «koordiantar» tre stader i geoboksen. Det må da vere ein skrivefeil? --Kaitil 7. februar 2012 kl. 13:55 (CET)[svar]

Eg likar godt geoboksen og dei mange muligheitane ein har, men den har òg frustrert meg mange gonger når ting ikkje virkar som det skal. Planen var å ta med både skardhøgd og parent peak der begge desse var, så eg oversåg rett og slett dette i denne endringa. Det er ein og annan artikkel eg skreiv i går eller i dagen før der pilene går litt i feil retning, men eg har ikkje gått igjennom og endra desse enno. Me kan gjerne endre namna omgrepa for min del. Det siste var skrivefeil ja. --Frokor 7. februar 2012 kl. 14:05 (CET)[svar]
Tillot meg å legge pilene inn i geoboksen så vi slepp å tenke på det i sjølve artikkelen. Den einaste ulempa eg ser er at sveveteksten forutsett eit skard, dvs at dersom skardet er namnlaust må vi skrive «skardet mot [Parent Peak]» i staden for berre namnet på «foreldretoppen». Reverter endringa om du ikkje synes løysinga er god – og helst før eg rekk å fjerne piler i artiklane. --Kaitil 7. februar 2012 kl. 18:53 (CET)[svar]
Neida, løysinga er grei den. --Frokor 8. februar 2012 kl. 04:47 (CET)[svar]
Fint! Det er forresten ikkje nødvendig å skrive ordet «skardet» i teksten «skardet mot [Parent Peak]»: syner sveveteksten og artikkelteksten til saman «via skaret» «mot [Parent Peak]», ser jo det heilt greitt ut. Meir mas: eg gjer eit forsøk på å få opp eit kart over Kjukjurtlju som ligg på Elbrus. Dersom eg skriv kartposisjon = Russland (eg har og prøvd Kaukasus og Karatsjajevo-Tsjerkessia) får eg feilmeldinga <div style="position:absolute; left:Feil i uttrykket: Ukjent punktumsteikn, «[»px; top:Feil i uttrykket: Ukjent punktumsteikn, «[»px; padding:0;">
Finst det ein stad ein kan finne lovlege kartposisjonar? --Kaitil 8. februar 2012 kl. 08:10 (CET)[svar]
Geoboksane nyttar sine eigne lokasjonskart, altså ikkje den same som Mal:Kartposisjon Russland. Problemet med kartet er at geoboksen ikkje taklar projeksjonen. Eg trur ikkje geoboksen er laga for å handsame slike projeksjonar (eg hugsar ikkje namnet på projeksjonane), berre dei der breiddegradene og lengdegradene er heilt parallelle. Mal:Kartposisjon skal i utgangspunktet kunne takle desse, så det er nok mogeleg å få til noko i Mal:Geoboks2 kart, men eg har ikkje kompetanse nok til å få det til trur eg. --Frokor 8. februar 2012 kl. 08:48 (CET)[svar]
For å lage nye kart er det enklaste å berre skrive inn |kartposisjon = Russland, trykke «førehandsvis» og sjå i lista under kva mal som manglar, og opprette denne. Malen for det russiske kartet vil ikkje fungerer no, på grunn av projeksjonen. --Frokor 8. februar 2012 kl. 08:48 (CET)[svar]
Eg har brukt tida til å sjå litt på løysinga på dewp, der ein ved berre å oppgi ISO-kodar får fram eit passande kart med objektet markert på rett plass. Sjå td de:Kjukjurtlju. Ei flott løysing, men berre mogleg å gjennomføre om vi kopierer over heile systemet deira og tar i bruk Infobox Berg som den er (berre med omsette ledetekstar), og det er kanskje ikkje ynskjeleg? Men omsettingane vil gå lynraskt og med få «medarbeidarar» er jo det ein klar fordel. Dei har gjort det på enwp, så kvifor ikkje? Sjå Infobox_Berg på enwp --Kaitil 8. februar 2012 kl. 09:01 (CET)[svar]
Eg testar for moro skyld løysinga frå de:wp. Alle namn, inklusive Infobox tar eg frå dewp slik at det blir lett for administratorane å finne fram til det som skal slettast om testen slår feil (og ærleg tala trur eg ikkje det går, men alt må prøvast!). Mal:Infobox finst som omdirigering til Mal:Infoboks, men ingen sider lenker til Mal:Infobox, så eg har von om at det ikkje blir kaos om eg tar over akkurat det namnet. --Kaitil 8. februar 2012 kl. 10:55 (CET)[svar]
Det er for såvidt ikkje så veldig forskjellig frå det me alt har. Det løyser kanskje kartprojeksjonsproblemet. Men berre køyr på! :) --Frokor 8. februar 2012 kl. 11:42 (CET)[svar]
Geoboksen fungerer bra, den, men hugs at eg nesten berre omset frå de:wp, og ein av fordelane med Infobok Berg er at heile infoboksen kan kopierast over slik at ein berre bytter ut det som blir vist til brukarane. Det burde spare ein del tid, og tid bruker eg gjerne osean av tid på å spare, sjå td Brukardiskusjon:Kaitil/autoFormatter.js. Men det er mykje som må gjerast først, og nett no er eg ikkje veldig optimist på at eg får det til. --Kaitil 8. februar 2012 kl. 12:06 (CET)[svar]
Så lenge det ikkje trengs noko ekstra, som ting som må leggast inn på css-sidene, så pleier det å fungere veldig bra å kopiere over malar, så lenge du får med alle del-malane. Det går greit å legg inn element på css-sidene òg, men erfaringsmessig kan det vere vanskeleg å finne ut kva det er som manglar, og kvar det ligg på språkutgåva du hentar frå. Men det er berre å prøve. Eg vil tru det går bra. --Frokor 8. februar 2012 kl. 12:10 (CET)[svar]

Infobox Berg og geolokalisering frå de:wp

[endre wikiteksten]

(jeg skriver nb for å spare tastetid) Det ser ut til at det er mulig å bruke det tyske geolokaliseringsopplegget – om vi vil. Hensikten min har vært å bare den ved oversetting fra tysk, men opplegget har en del fordeler framfor geoboksen. Se test med alle parametrene på Mal:Infobox_Berg

  • Fordeler:
    • Problemet med kartprojeksjon ser ut til å være løst, se Brukar:Kaitil/Test
    • Om posisjonskart mangler blir det satt inn et kart over hele jorda med fjellet rett plassert. Projeksjonsproblemet løst der også.
    • Kart og detaljnivå velges ved å oppgi ISO-koder.
    • Ved å trykke på den lille røde trekanten i kartet får en opp geohack-sida
    • Boksen takler flere varianter av koordinater (ihvertfall desimalt og g/m/s-form)
    • Infobox Berg er bare en del av et større Infobox-system som vi nå har lagt grunnlaget til. Ikke minst for byer og småsteder i Tyskland vil det være svært arbeidsbesparende.
  • Ulemper
    • Det blir liggende en mengde maler med tyske navn på nn:wp
    • Jeg har brukt de tyske navnene Positionskarte... i stedet for navnene Kartposisjon.... Det er selvsagt en stor ulempe å ha to varianter, men det er mulig at det kan ordnes. («posisjonskart» ville vært mer korrekt, se iw-lista, f.eks. på engelsk «Location Map»)
    • Det blir mye arbeid med å oversette ledetekster
    • Det henger igjen en feil ved at koordinatene vises i desimalform etter gms-formen. Sannsynligvis skyldes det en mal med samme navn på de og nn, men jeg har ikke funnet hvilken.

Så langt har det vært en interessant reise, jeg har lært noe nytt og er uansett fornøyd med det. Men nå begynner det kjedelige arbeidet med å oversette ledetekster. Derfor spør jeg deg og eventuelt andre ledende krefter på nn som måtte se dette om dere synes det er verd å gå videre med dette opplegget. Hvis ikke sletter vi alle malene jeg har strødd rundt i systemet og fortsetter som før. Men min mening er at opplegget ser veldig nyttig og fleksibelt ut, og er innstilt på å fullføre om det er interesse der ute. (Jeg blir borte noen timer, så det er tid til å tenke seg om.) --Kaitil 10. februar 2012 kl. 10:01 (CET)[svar]

Store norske leksikon og WP på bokmål

[endre wikiteksten]

Du har skreve mange gode artiklar om teknologi, med mange av teknologiartiklane du har oversett frå Store norske leksikon og frå WP på bokmål heng ikkje på greip. Har lagt merke til at mange teknologiartikklar på WP på bokmål er elendige og ofte fulle av feil. Eg er heller ikkje imponert over Store norske leksikon. Mange av artiklane der har ein låg standard og er ofte missvisande. Eg er samd i at WP på nynorsk bør ha artiklar om så mange emne som mogeleg, men berre om dei held ein høg standard og ikkje inneheld feil. Kvalitet er viktigare enn kvantitet.

Grunnen til at eg stadig er inne og korrigerer når straum, spenning, energi, vekt, masse og så vidare, vert blanda saman er at eg veit at mange skuleelevar og studentar hentar informasjon frå WP. Eg underviser til dagleg ingeniørstudentar og finn det ofte naudsynt å åtvara dei mot å henta opplysningar på WP, av di det er så mykje feil. At journalistar og andre nyttar omgrepa feil i daglegtalen er ingen grunn for at eit leksikon skal gjera det. Tvert imot: i eit leksikon bør omgrepa alltid nyttast rett. Eg fjerna nokre av referansane til artiklar på Store norske leksikon, av di eg meinte at artiklane var for dårlege til at vi bør senda lesarane dit.

Eg er òg skeptisk til praksisen med å informera om at til dømes «engelsk WP gav desse referansane». Om ein ikkje sjølv har tilgang til artiklar og bøker, slik at ein kan kontrollera opplysningane, bør ein etter mi meining ikkje referera til dei. --Sigmundg 17. februar 2012 kl. 12:27 (CET)[svar]

Vel, då får me vere usamde om det. Men du står sjølvsagt fritt til å rette det som måtte vere feil. Men me bør kanskje unngå formuleringar som «dette tekniske omgrepet er det motesette av dette tekniske omgrepet», for det seier eigentleg ikkje så mykje. --Frokor 17. februar 2012 kl. 12:42 (CET)[svar]
Ja, artikkelen bør utvidast, men på ein måte som gjer at han ikkje vert missvisande. Å seia at admittans er det motsette av impedans gjev god meining for den som veit kva impedans er. Dei fleste finn det enklare å forstå impedans og i tekniske fag vert impedans som oftast undervist før admittans. Så i dette tilfellet er det ikkje så dumt å senda lesarane til impedans. Når ein har forstått impedans er ikkje spranget til admittans så sturt. --Sigmundg 17. februar 2012 kl. 13:24 (CET)[svar]

grensa - grensar

[endre wikiteksten]

Gjer berre merksam på at det heiter å grensa - grensar (v1-verb). Det er ein tidgjengd skrivefeil, og er på ikkje unaturlegvis oftast å finna i geografiartiklar. ;-) Njardarlogar 18. februar 2012 kl. 13:51 (CET)[svar]

Ok :)--Frokor 18. februar 2012 kl. 13:53 (CET)[svar]

Kommun eller kommune - igjen

[endre wikiteksten]

Hei! Eg skulle gjerne hatt di meining om denne kategoridiskusjonen; dersom du har ei. Det dreier seg om det er mest rett å skriva "kommun" eller "kommune" når det gjeld svenske kommunar. Det har vore diskutert før, utan at folk vart samde. Eg har sjølv lagt fram nokre argument for kvifor "kommune" er ei god løysing, men dette er ikkje meint som overtaling til at du skal ta mitt syn. Eg meiner berre at det er ein diskusjon som får konsekvensar, og då vil eg gjerne ha fleire synspunkt enn berre mitt og Ranveig sitt. :) HallvardLid 20. februar 2012 kl. 23:06 (CET)[svar]

Forøvrig, kjempebra jobba med matematikk- og fysikkartiklane frå den siste tida! No er det ingen fleire raudlenkjer om matematikk igjen på ynskjelista di, ser eg.. Og nobelprisvinnarar i fysikk er alltid velkomne :) HallvardLid 20. februar 2012 kl. 23:09 (CET)[svar]
Takk for det :) --Frokor 21. februar 2012 kl. 09:53 (CET)[svar]
Det der var ikkje dårleg. For å seia det med ei god vestlandsk underdriving! HallvardLid 24. februar 2012 kl. 18:43 (CET)[svar]

SUL request

[endre wikiteksten]

Hello Frokor,

I am the owner of SUL-account user:N, but there is a local user of this name in this wiki. I could not find a page for usurpation requests here, therefore I ask you to rename the local account, so that I can complete my SUL-account. Confirmation link: http://de.wiktionary.org/wiki/Benutzer:N --N tmp (talk) 3. mars 2012 kl. 17:26 (CET)[svar]

Brukar:N is now free. --Ranveig (talk) 4. mars 2012 kl. 13:13 (CET)[svar]
Thank you. --N (talk) 4. mars 2012 kl. 18:08 (CET)[svar]

Oversettelse på Commons

[endre wikiteksten]

Hei, Frokor! Commons kunne trengt oversettelse av vurderingsmalen som ligger her: [2]. Kunne du tenkt deg å påta deg dette? :) Mvh --Kenneaal (diskusjon) 16. april 2012 kl. 18:33 (CEST)[svar]

Såg den ikkje før no. Ser ut som du klarte det fint :) --Frokor (diskusjon) 16. april 2012 kl. 21:11 (CEST)[svar]
Hei! Kan ikke ta på meg den æra, men det ble dessverre ikke oversatt feil. Men kanskje jeg skal ta dette på Samfunnshuset istedet for å dytte det rett på deg? :) --Kenneaal (diskusjon) 17. april 2012 kl. 02:17 (CEST)[svar]

To artiklar med same namn

[endre wikiteksten]

Korleis gjer eg det når to artiklar har same namn. Den eine handlar om programleiaren Leyla Əliyeva og den andre om Leyla Əliyeva som mellom anna er dottera til den aserbajdsjanske presidenten, sjefsredaktør i magasinet Baku og visepresident for Heydər Əliyev-stiftinga. I nokre artiklar her ser eg at det året dei er fødd står i parantes, men båe er fødd same år. Har du forslag til kva eg kan skrive før eller etter namna for å skilje dei frå kvarandre? --AlexanderMG (diskusjon) 17. april 2012 kl. 13:54 (CEST)[svar]

Så vidt eg veit treng du ikkje tenke på det :-) Dei er fødd same år fordi det er same person :-) Altså det er dottera til presidenten som skal vere programleiar. --Frokor (diskusjon) 17. april 2012 kl. 13:58 (CEST)[svar]
Kanskje ikkje så rart når det er mora hennar som styrer arrangementskomiteen... --Frokor (diskusjon) 17. april 2012 kl. 14:08 (CEST)[svar]
Det var det eg trudde, men i fylgje fleire sidar på Internett og andre wikipeidasidar er det ikkje same person. Men då skriv eg berre ein artikkel. Ser no at mannen hennar, Emin Ağalarov, skal stå for pauseunderhaldninga, så då må det vere dottera til presidenten. Takk for hjelpa. :-) --AlexanderMG (diskusjon) 17. april 2012 kl. 14:21 (CEST)[svar]
Eg er ikkje sikker faktisk. Dei er mogeleg at det er to forskjellige personar. Eg reknar med du vil skrive artikkelen om programleiaren, så foreslår du skriv den, utan å nemne noko om presidentdottera, og så kan eg undersøke litt. --Frokor (diskusjon) 17. april 2012 kl. 14:46 (CEST)[svar]
Ok, har fått stadfesta av ein aserbajdsjanar at dei er to forskjellige personar. Foreslår du kallar den eine programleiaren Leyla Əliyeva og den andre Leyla Əliyeva eller omvendt. --Frokor (diskusjon) 17. april 2012 kl. 14:49 (CEST)[svar]
Gjer som du seier og kallar den eine programleiaren Leyla Əliyeva og den andre Leyla Əliyeva. Flott at du fann ut av det. :-) --AlexanderMG (diskusjon) 17. april 2012 kl. 15:09 (CEST)[svar]
Med same fødeår, same namn og innblandinga til presidentfamilien i showet er det ikkje så rart ein kan bli forvirra. Aliyev(a) og Mammedov(a) er elles særs vanlege etternamn i Aserbajdsjan. --Frokor (diskusjon) 17. april 2012 kl. 17:56 (CEST)[svar]

Orlando di Lasso

[endre wikiteksten]

Puslar litt med Orlande de Lassus som du har oppretta. Den mest vanlege nameforma på våre kantar er det italianiserte Orlando di Lasso. Ser du noko problem med å flytte artikkelen dit slik at vi er på line med våre næraste språknaboar? Den engelske artikkelen er tungt basert på artikkelen til James Haar (som eg sit med framom meg) og han nyttar formen Orlande de Lassus som altså er litt uvanleg hos oss. Komponisten sjølv signerte med ei mengd ulike namnevariantar. Om du er med på flytting bør ein administrator ta jobben, sidan Orlando di Lasso allereie finst som omdirigeringsside. Om du ikkje likar tanken på flytting er det greit, Orlande de Lassus er jo ikkje feil. --Kaitil (diskusjon) 20. april 2012 kl. 12:02 (CEST)[svar]

Ingen problem med det. Har flytta artikkelen. --Frokor (diskusjon) 20. april 2012 kl. 15:50 (CEST)[svar]
Takk, då skal eg endre namnebruken i artikkelen og pusle vidare. --Kaitil (diskusjon) 20. april 2012 kl. 15:55 (CEST)[svar]

Årets Wikipedianar

[endre wikiteksten]

Hjarteleg til lukke med prisen! Vel fortjent var han òg. --Kaiamora (diskusjon) 23. april 2012 kl. 16:46 (CEST)[svar]

Gratulasjonar frå meg òg, du er ein verdig pristakar! --Kaitil (diskusjon) 23. april 2012 kl. 18:39 (CEST)[svar]

Til lukke med prisen!--Andreasv (diskusjon) 23. april 2012 kl. 19:29 (CEST)[svar]

Gratulerer med prisen! Eg har fleire gongar tenkt at du har gjort deg fortent til ein pris. Eg vonar diplomen er på nynorsk. --Sigmundg (diskusjon) 23. april 2012 kl. 19:47 (CEST)[svar]

Takk for det alle saman! --Frokor (diskusjon) 23. april 2012 kl. 20:19 (CEST)[svar]

Når ein av oss får ein slik pris, synst eg vi har lov å vere stolte alle saman. --Knut (diskusjon) 23. april 2012 kl. 22:10 (CEST)[svar]

Fortent heider! Gratulerer! --Migne (diskusjon) 23. april 2012 kl. 22:36 (CEST)[svar]

Gratla! Me soler oss i glansen. --Ranveig (diskusjon) 24. april 2012 kl. 09:54 (CEST)[svar]

Gratulerer så mykje! Dette er flott! HallvardLid (diskusjon) 24. april 2012 kl. 11:54 (CEST)[svar]

Til lukka med prisen. Njardarlogar (diskusjon) 24. april 2012 kl. 15:02 (CEST)[svar]

Bord rundt flagg

[endre wikiteksten]

Er det mogleg å fjerne borden rundt flagg når ein nyttar Mal:Landdata [land]? --AlexanderMG (diskusjon) 8. mai 2012 kl. 17:08 (CEST)[svar]

Det er nok mogeleg, men ikkje slik flagg-malen er i dag. Eg prøvde å føye til noko som gjorde det valfritt å fjerne rama, men det fungerte ikkje. Trur kanskje malen i så fall måtte vore slik at han som default ikkje hadde rame, men at ein kunne velje å ta denne med. Endringa er mogeleg å gjere, men det er ein stor jobb å rydde opp i alle land-malane som nyttar flagg med rame (i praksis alle flagg med noko kvitt langs randen). --Frokor (diskusjon) 8. mai 2012 kl. 19:14 (CEST)[svar]
Tenkte på Eurovision-flagg malane (t.d. EuroNoruega.svg), og trudde det var mogleg å skrive noko i malen når ein legg han inn i artikkelen som ville fjerne ramma. Men om ein må endre mykje så får det heller vere som det er. Eg kan jo prøve meg litt fram eg òg, eller sjå om eg kan finne nokre gode løysingar frå ein annan Wikipedia. Takk for opplysninga om at det ikkje er mogleg slik som malen er i dag, sparar meg for mykje testing for å få til noko som ikkje er mogleg å få til i dag. --AlexanderMG (diskusjon) 8. mai 2012 kl. 22:15 (CEST)[svar]

Articles to complete

[endre wikiteksten]

Hi Frokor. It would be great to complete the articles in Nynorsk about Elton John and Kylie Minogue by using information from their articles in English (Elton John, Kylie Minogue). Regards. --- Hypuxylun (diskusjon) 12. mai 2012 kl. 16:47 (CEST)[svar]

Renaming issue

[endre wikiteksten]

Hello there! Please see this again. Please rename とある白い猫 to something like とある白い猫 (usurped) and then you can process the rename of White Cat to とある白い猫. If you've any questions or if you just want me to take care of this, then please drop me a note here. If you (or your fellow crats) don't reply to this/don't take care of it, I will do this request in one week, however, we'd prefer to have local people doing this. Thanks, -Barras (diskusjon) 16. mai 2012 kl. 12:05 (CEST)[svar]

Lisens til bilete

[endre wikiteksten]

Eg la til dette bilete: [[3]], men fekk beskjed at eg ikkje hadde lov å bruka dette, sjølv om det er mitt eige "screenshoot". Har du nokon idé korleis eg kan gjera det lovleg att? - Brukar:Jarhaugin 23.05 2011. 08:53

Det er nok tvilsamt at det er lovleg, sidan det er eit skjermbilete frå eit spel som det truleg framleis er opphavsrett på. Det er òg problematisk med logoane som er på bilete. Desse er det òg opphavsrett på, som nok ikkje er frie. --Frokor (diskusjon) 26. mai 2012 kl. 16:02 (CEST)[svar]
Hei igjen. Veit du kva dette tyder: "Filendinga samsvarar ikkje med ein MME-type." ? Bilete mitt er eit png.-bilete, altså lovleg. Takk på førehand. - Brukar:Jarhaugin 13. juli 2011. 19:56
Png-filer skal jo fungere, så det veit eg diverre ikkje. Du kan prøve å skrive same spørsmåleg på Samfunnshuset, kanskje nokon andre veit. --Frokor (diskusjon) 13. juni 2012 kl. 19:58 (CEST)[svar]

Etter verdsdel eller kontinent

[endre wikiteksten]

Er det i orden om eg endrar kategoriar som er sortert «etter kontinent» til «etter verdsdel»? I fylgje ordboka er verdsdel låst til tydinga "dei sju verdsdelane Afrika, Antarktis, Asia, Australia, Europa, Nord-Amerika og Sør-Amerika, medan kontinent er litt meir fleirtydig. Dessutan har eg inntrykk av at verdsdel er eit vanlegare brukt ord, i tillegg til at Wikipedia på svensk og bokmål bruker ordet verdsdel over kontinent. --Fredrasa (diskusjon) 16. juni 2012 kl. 23:29 (CEST)[svar]

Det går bra! Bra tiltak! --Frokor (diskusjon) 16. juni 2012 kl. 23:31 (CEST)[svar]

Higgs-boson

[endre wikiteksten]

Oppdaginga av Higgs-bosonen er eit ovstort nyhende som burde leggast til under «Visste du at …» på framsida. Sjølv om eg har gjort dette før ein gong finn ikkje ut korleis ein gjer det no. Er det endra? Kanskje du kan legga inn nyhende? --Sigmundg (diskusjon) 4. juli 2012 kl. 12:06 (CEST)[svar]

La det inn no. --Frokor (diskusjon) 4. juli 2012 kl. 13:52 (CEST)[svar]

Dolly Parton

[endre wikiteksten]

Hi Frokor! i saw that you created the articles in Nynorsk about Emmylou Harris and Linda Ronstadt. How about creating the article about country singer Dolly Parton? Regards. --- Hypuxylun (diskusjon) 6. juli 2012 kl. 17:57 (CET)[svar]


Hello. I'm sorry if this is not the right place to request it, but I request renaming my following accounts:

  • محمد الجداوي → Avocato
  • GedawyBot → AvocatoBot
  • Confirmation link: [4]
  • Reason: Privacy reasons

Please, delete all my userpages and talk pages of these accounts before renaming and I will create them later .Thanks in advance.--M.Gedawy 15. juli 2012 kl. 15:53 (CEST)[svar]

Hello M.Gedawy. I have deleted your pages and renamed your accounts. Cheers! --Frokor (diskusjon) 15. juli 2012 kl. 20:09 (CEST)[svar]

O Jesu Christ, mein's lebens licht

[endre wikiteksten]

Dear Frokor, I'm an Italian wikipedian that created a page about Bach's cantata "O Jesu Christ, meins Lebens Licht". I linked the page with the french one and yours. I noticed an error in both these versions: the french writer confused cantata bwv 118 (O Jesu Christ, meins Lebens Licht) with bwv 119. According to these versions, the cantata is composed by nine movements. I know that this piece is probably a motet or a part of cantata, and it consists in only ONE movement. Well, I think you translated the article from the french version, because (even if I don't understand Norwegian) in the norwegian page there are the names of all the parts of the cantata 119! There are also some errors in the description of the orchestration: the piece doesn't involve trumpets, like the french page says. I deleted this part from the french article, because I can understand a little bit of French, but I don't dare to touch the norwegian article. Please consider changing the norwegian version. I hope you 'll understand me! You may refer to the following links for further information: http://www.bach-cantatas.com/Guide/BWV118-Guide.htm http://www.bach-cantatas.com/BWV118.htm Best regards --Dimitri1cantemir (diskusjon) 18. juli 2012 kl. 00:34 (CEST)[svar]

I've tried to correct BWV 118 and 119. Thank you very much for pointing out these errors! Regards --Kaitil (diskusjon) 18. juli 2012 kl. 07:58 (CEST)[svar]
Thanks! --Frokor (diskusjon) 18. juli 2012 kl. 22:01 (CEST)[svar]

CD-kjelder

[endre wikiteksten]

Hei! Eg vurderer å skriva nokre artiklar om cd-ar eller songar som eg sjølv eig. Veit du om det kan reknast som god kjeldebruk å referera til den faktiske cd-en? Eller må ein syna til ei kjelde som skriv om cd-en? Har eg også forstått det riktig at det normalt ikkje er tillate å sitera ein songtekst? HallvardLid (diskusjon) 21. juli 2012 kl. 21:23 (CEST)[svar]

Hei! Eg trur det går heilt greit å referere til sjølve CDen. Me har til og med ein mal for referansar frå plateomslag (kjapt kopiert frå engelsk og diverre ikkje med norske parameterar). Det står jo ofte mykje informasjon i såkalla sleeve notes, både av medverkande og i meir prosa-form. Det einaste ein må passe seg for er det som kan bli rekna som «eiga forsking», altså at du sjølv legg ut på tolkingar av musikken eller den slags. Men det finst nok ei grense. Mange plater er omtalt på allmusic.com, der ein ofte kan finne gode referansar. Sitering frå songtekstar går greit. I alle fall har me ein heil del av dei og eg har sjølv putta mange av dei inn, som her eller her (eit heilt vers) og dei fleste Bob Dylan-songane. Siste er kanskje i lengste laget. Kvar grensa går veit eg ikkje, men meir enn eit (kort) vers blir nok for mykje. Lykke til med skrivinga! --Frokor (diskusjon) 21. juli 2012 kl. 22:02 (CEST)[svar]
Takk for det, og takk for hjelpa!HallvardLid (diskusjon) 22. juli 2012 kl. 13:48 (CEST)[svar]

Hei! Kan du ta en titt på denne med tilhørende diskusjonsside? Jeg har foreslått den slettet. Mvh.--Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 30. juli 2012 kl. 13:58 (CEST)[svar]

"Sjølvstendig" infoboks med omtale

[endre wikiteksten]

Hei. (døme på "infoboks med omtale") I dømet kan ein sjå omtale og kritikk henga i hop med infoboksen. Veit du om det går an å laga ein kritikk-spalte, som ikkje heng i hop med infoboksen? Håpar eg gjorde meg forstått. Takk på førehand. - Jarhaugin 1. august 2012 kl. 15:35

Hei, eg laga ein basert på den engelske. Mal:Platemeldingar. Reknar med det var ein slik du tenkte på? --Frokor (diskusjon) 1. august 2012 kl. 23:38 (CEST)[svar]
Der trefte du nesten i blinken. Likte denne malen, men eg tenkte òg på ein meir generell basis: dataspel-kritikk, romankritikk etc. Veit du om dette finst? -- Jarhaugin 2. august 2012 kl. 00:35
Om ein endrar tittel-parameteren (t.d. |tittel=Dataspel-kritikk), kan ein i røynda nytta han til kva som helst. --Frokor (diskusjon) 2. august 2012 kl. 12:49 (CEST)[svar]
Det fungerte! Takk. -- Jarhaugin 2. august 2012 kl. 21:45 (CEST)[svar]

Flytte side

[endre wikiteksten]

Hei! Kan du flytte sida Christian av Danmark (2005) til Kristian av Danmark? Kristian er vel rett norsk? Ser at dei andre artiklane om danske kongar nyttar Kristian i staden for Christian. --Altijd (diskusjon) 3. august 2012 kl. 12:04 (CEST)[svar]

Kart med farge

[endre wikiteksten]

Hei. Eg skulle gjerne ha laga nokre kart til OL-artiklane, men eg veit ikkje korleis ein legg til farge på kart. Kan du hjelpe? --Altijd (diskusjon) 18. august 2012 kl. 16:44 (CEST)[svar]

Eg fann endeleg ut av det med hjelp av denne sida her. Men då har eg eit nytt spørsmål. Er det lovleg å nytte blanke kart (t.d. dette) frå Wikipedia, legge til farge, og leggje dei ut att? --Altijd (diskusjon) 18. august 2012 kl. 17:17 (CEST)[svar]
Ja, dette kartet er det i alle fall lov å endre, sidan det er årsaka til at det er laga. «Typiske Wikipediakart» som dette trur eg det er fritt fram med, men det kjem an på kva lisens dei er lagt ut med. I utgangspunktet vil eg tru at alle kart som ligg på Commons vil vere lov å endre, men eg er ikkje noko ekspert på området. --Frokor (diskusjon) 19. august 2012 kl. 04:02 (CEST)[svar]

Lita inte på SNL

[endre wikiteksten]

Var försiktig med SNL:s artiklar om Sverige! Den om Linköping var korrekt omkring 1980, men är idag starkt föråldrad. Det är bättre att översätta från svenska eller engelska Wikipedia än att ta uppgifter ur SNL. --LA2 (diskusjon) 20. august 2012 kl. 16:06 (CEST)[svar]

SNL er òg elendig når det gjeld teknologi. Det som står der er som oftast utdatert eller misvisande, ofte begge delar. --Sigmundg (diskusjon) 20. august 2012 kl. 16:24 (CEST)[svar]

Hei Frokor! Kan du ta en titt på historikken. Det er nesten redigeringskrig vedr. et bilde i infoboksen. Kanskje artikkelen bør låses for IP-adresser. Mvh.--Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 22. august 2012 kl. 09:53 (CEST)[svar]

Låste sida for eit par veker. Reknar med det går over innan den tid. --Frokor (diskusjon) 22. august 2012 kl. 10:04 (CEST)[svar]

Elton John

[endre wikiteksten]

Hei Frokor. Artikkelen på nynorsk om Elton John må forbetrast. Er det mogleg å fullføre ved hjelp av informasjon frå artikkelen på engelsk? Eg såg at du gjorde det same for andre band og musikarar (Joni Mitchell, Neil Young, Bob Dylan, Eric Clapton, osv.) Helsing. --- Hypuxylun (diskusjon) 24. august 2012 kl. 23:12 (CEST)[svar]

Har ingen planar om det for tida. Kanskje ein gong seinare. --Frokor (diskusjon) 25. august 2012 kl. 04:03 (CEST)[svar]

Manuell tillegging av IW når robotane sviktar

[endre wikiteksten]

Nemner dette i fall du ikkje er klar over det: Om ein legg til for eit par dagar i overvakingslista alle nye artiklar som ein opprettar, kan ein sjå om interwikien vert lagd til på andre wikipediaer eller ikkje: dersom ingen robotar endrar sida, finst det ein interwikikonflikt. Legg ein ikkje til interwikien manuelt då, kan det gå fleire år før ei lenkje til den nynorske wikipediaen vert lagd til andre stader. Eg køyrde for ei stund sidan eit skript for å oppdaga slike sider, og jobbar meg gjennom listene skriptet produserte (det er tale om oppimot 1000 sider eller meir). Eit døme er Karksi-Nuia, som vart oppretta av deg 8. april i 2009, og som ikkje fekk interwikien lagd til på Engelsk Wikipedia før i dag, meir enn tre år seinare (det finst mange verre døme; nokre går attende til 2005, meiner eg). Men det vert kan henda for mykje ekstraarbeid med overvakingslista. --Njardarlogar (ordskifte) 30. august 2012 kl. 12:18 (CEST)[svar]

Ja eg er klar over at IW-lenkjene ikkje alltid vert lagt inn. Meiner å hugse at om ein flytta ei ny side, så vil ikkje sida reknast som «ny» lenger og derfor hoppar botane over desse når dei legg inn interwikiar. --Frokor (diskusjon) 30. august 2012 kl. 12:51 (CEST)[svar]

Spire-produksjon

[endre wikiteksten]

Hei. Eg ville gjerne koma med ros som òg er kritikk. Eg ser du skrivar mange geografiartiklar om ulike plassar i verda. Verda inneheld mange plassar; mange artiklar å utfylla. Eg vil gje ros til innsatsen med å prøva og dekkja alle desse geografiske plassane. Likevel hamnar oftast desse artiklane om som spirer. Som til dømes Sheep's Head i Irland eller provinsen Guadalajara i Spania – begge skrivne av deg. Dei er så små og dekkjer veldig lite – sjølv om det kanskje finst masse informasjon om desse stadane. Eg ser personleg liten nytteverdi av å skriva så lite om ein plass. Dersom nokon faktisk ville veta meir om Sheep's Head på nynorsk Wikipedia, burde artikkelen vore dekkjande og full av informasjon. Eg ville berre seia at av og til så ser eg ikkje heilt poenget med å oppretta ein mengde artiklar som inneheld 100 ord, når dei kunne ha vore på 1000 ord.
-- Arntor 31. august 2012 kl. 00:25 (CEST)[svar]

Eg er heilt usamd. Det står meir i mange av desse småartiklane enn i dei fleste vanlege leksikon, inkludert andre nettleksikon. At ein artikkel har potensiale for å verte lenger skal ikkje vere til hinder for å opprette ein artikkel. Meir har eg ikkje tenkt å seie om det :-) --Frokor (diskusjon) 31. august 2012 kl. 04:20 (CEST)[svar]
Einig med Frode. -- Olve Utne (diskusjon) 31. august 2012 kl. 10:42 (CEST)[svar]
Det er etter mi meining mykje betre med 2000 ord på på 100 artiklar enn på éin; då får me dekt fleire emne. Men det beste, kor som er, er nok at ein skriv det ein har lyst å skriva (men eit auga på dei mest sentrale emna bør ein ha). --Njardarlogar (ordskifte) 31. august 2012 kl. 13:28 (CEST)[svar]
Slike stutte artiklar er òg nyttige av di dei gjer det lettare å finna ein lengre artikkel på eit anna språk. Når ein har funne den stutte artikkelen kan ein klikka på eit anna språk ein skjønar og kanskje finna meir informasjon. Dette er ofte lettare enn å leita på eit anna språk, der ein kanskje ikkje er så stø på skrivemåten (mange by- og stadnamn vert stave ulikt på ulike språk). Eg er òg imponert over kor mange geografiartiklar du har skrive. Ein eller annan gong kjem nokon til å lesa dei, men eg trur ikkje nokon får tid til å vitja alle. --Sigmundg (diskusjon) 24. september 2012 kl. 00:19 (CEST)[svar]

Drepne og såra

[endre wikiteksten]

Hei! Det er forskjell på drepne og såra. Når du rulla attende denne endringa så står det no på nynorsk wikipedia at det i jordskjelvet i Skopje i 1963 var mellom 1000 og 1100 drepne og såra, mens det på engelsk wikipeda, artikkelen vi har omsett frå, står at det var mellom 1000 og 1100 killed og 3,000–4,000 injured. Vi kan sjølvsagt endre til "drepne og såra: 4000-5100", men det blir mindre presist. Hogne (diskusjon) 31. august 2012 kl. 13:22 (CEST)[svar]

Eg ser no kva som kan gjerast, gløym denne. Hogne (diskusjon) 31. august 2012 kl. 13:28 (CEST)[svar]
Ja, eg såg endringa di og rulla ikkje heilt attende. Eg sat og funderte på å ta eit anna namn enn drepne og såra som dekka begge betre. --Frokor (diskusjon) 31. august 2012 kl. 14:36 (CEST)[svar]

Byte av användarnamn

[endre wikiteksten]

På svenska, tyska och bokmål har jag antagit brukarnamnet "Tostarpadius". Är det nöjligt att genomföra även här på nynorsk? Jag har inte hittat någon särskild sida för begäran. Fernbom2 (diskusjon) 2. september 2012 kl. 21:25 (CEST)[svar]

Då var det gjort. --Frokor (diskusjon) 2. september 2012 kl. 21:52 (CEST)[svar]
Tack! Fernbom2 (diskusjon) 2. september 2012 kl. 22:17 (CEST)[svar]
Än en gång tack! Tostarpadius (diskusjon) 2. september 2012 kl. 22:18 (CEST)[svar]

Eg sådde dette frøet, men som du ser held det ikkje heilt til utvald artikkel enda. Kanskje det alt finst ein artikkel som dekkjer dette emnet, under ein annan tittel, slik at vi kan omdirigera dit? Treng det forresten å fylja regn med ein floing? --Sigmundg (diskusjon) 9. september 2012 kl. 06:33 (CEST)[svar]

Namnet er ukjend for meg. Sjølve fenomenet ser ikkje ut til å vere noko anna enn ei ettermiddagsbye, der varmen ein sommardag får luft til å stige og at ein får danna bygekyar på den måten. Solgangsbris er nok medverkande til at forsterke danninga av bygeskyane på kysten. At det kjem vind i samband med bygene er heilt vanleg. Det er ikkje alltid ein merkar denne vinden, fordi det gjerne er vind i utgangspunktet som overdøyver vinden som byga skaper. Det er same effekten som fallvind og vindstøytfront. Sjølv om desse artiklane skildrar dei kraftigare formene av fenomenet i kraftig torevêr, så vil prinsippet vere det same for alle byger. Avkjøling av lufta og drag frå regndropane/hagl dreg lufta med seg ned til ho treff overflata og bøyer av horisontalt. Så sidan ei byge kan vere ganske så lokal, så kan ein få berre vinden og ikkje regn, sidan vinden vil flytte seg bort frå byga. --Frokor (diskusjon) 9. september 2012 kl. 13:27 (CEST)[svar]

Rename account

[endre wikiteksten]

Hello. Please rename my account for create new SUL: Brukar:AdvisorsBrukar:Мастер теней. Уж извините, что пишу лично Вам, однако, по-видимости, страницы запросов к бюрократам в проекте нет. Advisor (diskusjon) 12. september 2012 kl. 14:40 (CEST)[svar]

Done. --Ranveig (diskusjon) 12. september 2012 kl. 14:48 (CEST)[svar]
Thanks/Спасибо. Advisor (diskusjon) 12. september 2012 kl. 14:52 (CEST)[svar]

Du ønsker kanskje å oppdatere artikkelen Ubort. Artikkelen på engelsk Wikipedia er endret. --Bejnar (diskusjon) 13. september 2012 kl. 09:43 (CEST)[svar]

Vilhelm August av Cumberland

[endre wikiteksten]

Hei! Skulle berre flytte Vilhelm August, greve av Cumberland til Vilhelm August av Cumberland, men fjerna «av» frå tittelen. Men sida nokon har oppretta ein omdirigering kan eg ikkje flytte sida frå Vilhelm August Cumberland til Vilhelm August av Cumberland. Noko du kan fikse? --Altijd (diskusjon) 22. september 2012 kl. 17:30 (CEST)[svar]

Hm, eg er ikkje heilt me. Vilhelm August, greve av Cumberland eksisterer ikkje? Ligg han under noko anna namn no? --Frokor (diskusjon) 23. september 2012 kl. 21:29 (CEST)[svar]
No vart eg litt forvirra. Anten så var det feil i tittelen, eller så står det feil i den noverande artikkelen. Eg skulle flytte Vilhelm August, greve av Cumberland til Vilhelm August av Cumberland, men i artikkelen ser eg at det no står hertug. Eg kan prøva å rette opp i rotet eg laga (i morgon om eg får tid). --Altijd (diskusjon) 23. september 2012 kl. 22:11 (CEST)[svar]
Trur ikkje det finst grevar (count) av Cumberland, berre hertugar (duke). Eg flytta attende til slik det var opphavleg. Kvifor ein bot fjerna IW-ane veit eg ikkje, fordi såg ut til å vere rett i utgangspunkt. Grunnen til at artikkelnamnet har det formatet han har no er at adelsfolk i Storbritannia ofte har fått titlar som N. N., 2. greve av XXX, eller N. N., 3. jarl av XXX, men eg trur det går greit å flytte akkurat denne artikkelen til Vilhelm August Cumberland. --Frokor (diskusjon) 23. september 2012 kl. 23:27 (CEST)[svar]
Greitt. :) --Altijd (diskusjon) 24. september 2012 kl. 17:24 (CEST)[svar]

Rettighetar

[endre wikiteksten]

Hei! Eg synes, at Brukar:Makecat-bot skulle få bot-rettar (ikkje botten min). Gálaniitoluodda (diskusjon) 13. oktober 2012 kl. 16:01 (CEST)[svar]

Samd. Har lagt til no. --Frokor (diskusjon) 13. oktober 2012 kl. 17:28 (CEST)[svar]

Kylie Minogue på bokmål

[endre wikiteksten]

Hi Frokor. Kan du sjå på artikkelen om Kylie Minogue på bokmål? Den har mykje informasjon men eg er ikkje sikker artikkelen er godt skriven. Helsing. -- Xylaria (diskusjon) 22. oktober 2012 kl. 23:49 (CEST)[svar]

Hi Frokor,
Thanks for adding articles Songs for Drella & Wrong Way Up (a long time ago). I would like to also point out that Cale released in October with a new album titled Shifty Adventures in Nookie Wood (Česky / English). Would you please also created an article about his new album on the Norwegian Wikipedia? I am glad that you distribute John Cale legacy to other Wikipedias! Thank you also for the articles Peter Gabriel (1982) and Peter Gabriel (1982) (and other Gabriel's albums and songs). I'm sorry, I can not very well english, but I hope you understand. --Marek Koudelka (diskusjon) 27. oktober 2012 kl. 14:22 (CEST)[svar]

Did a quick translate of it. --Frokor (diskusjon) 27. oktober 2012 kl. 14:34 (CEST)[svar]
Thank you very much. It was really quick. Thanks again. --Marek Koudelka (diskusjon) 27. oktober 2012 kl. 14:45 (CEST)[svar]

Kylie Minogue II

[endre wikiteksten]

Hi Frokor. Thank you for your contribution on shifting the articles Albumet Kylie and Albumet Aphrodite to Kylie av Kylie Minogue and Aphrodite av Kylie Minogue. Is it possible for you to complete the article Kylie Minogue in Nynorsk by adding information from the one in English? I have seen that you have already done that kind of thing for many other artists (Joni Mitchell, Neil Young, Eric Clapton, etc., etc.). Some paragraphs of the article need to be improved like the intoduction text for example. You can keep what is already written and only add the missing information. The article is based on the English Wikipedia but has not everything from it. Take also a look at the article Diskografien til Kylie Minogue. Please let me know. Regards. --- Hypuxylun (diskusjon) 29. oktober 2012 kl. 11:25 (CEST)[svar]

Not too interested in Kylie Minouge, so sorry. Might look over it one day, but not now. --Frokor (diskusjon) 29. oktober 2012 kl. 15:37 (CET)[svar]

Changing username

[endre wikiteksten]

Hello and Sat Sri Akaal! Neither I know the language nor where to request, so writing here. I'm changing my username globally to "itarbuttar" as per the meta request. Please check to verify and rename and oblige. Thanks a lot. --TariButtar (diskusjon) 7. november 2012 kl. 15:43 (CET)[svar]

Done. Changed it to "itarbuttar" as said here. In the meta request you wrote "itar buttar"? Let me know if you want it changed to the latter. --Frokor (diskusjon) 7. november 2012 kl. 16:57 (CET)[svar]

Stortinget i 1814

[endre wikiteksten]

Hei! Eg skal oppretta ein artikkel om det fyste ekstraordinære Stortinget, Stortinget i 1814. Bør artikkelen ligge på Stortinget i 1814 eller er det vanleg å kalla det Omframstortinget i 1814? Mvh.--Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 17. november 2012 kl. 14:15 (CET)[svar]

Eg hadde ikkje reagert om det stod berre Stortinget i 1814, men om det er meir rett med Omframstortinget anar eg ikkje. --Frokor (diskusjon) 17. november 2012 kl. 14:18 (CET)[svar]
Ok, takk for svar. Mvh.--Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 17. november 2012 kl. 14:21 (CET)[svar]

Utvald artiklar

[endre wikiteksten]

Hi Frokor. i added the articles Kylie Minogue and Diskografien til Kylie Minogue on the list of candidates for weekly featured articles (Vekas artikkel/Kandidatar). Regards. --- Hypuxylun (diskusjon) 23. oktober 2012 kl. 17:09 (CEST)[svar]

Juleavslutning - håper å se deg der!

[endre wikiteksten]
Velkommen til juleavslutning med Wikimedia Norge, på Gamle rådhus i Oslo.

Hei! Wikimedia Norge arrangerer juleavslutning med julemiddag fredag 14.desember klokken 1700, sammen med Norsk Kulturråd. Arrangementet vil finne sted i andre etasje på Gamle rådhus i Oslo, og foruten juletallerken og hyggelig samvær vil vi også få høre korte faglige innlegg. Dessuten vil vi premiere vinner/e av den norske delen av fotokonkurransen Wiki Loves Monuments.
Arrangementet er åpent for Norsk Kulturråd, medlemmer av Wikimedia Norge, og wikipedianere med registrert brukerkonto. Medlemmer av Wikimedia Norge får arrangementet og julemiddag gratis, mens ikke-medlemmer betaler en egenandel på kroner 200. Man betaler for egen drikke. Alle deltakere må være påmeldt.
Påmelding skjer innen utgangen av 10.desember ved å sende meg ditt fulle navn på mail til erlend@wikimedia.no. Skriv om du ønsker pinnekjøtt eller lutefisk.
Velkommen!
Med vennlig hilsen, Bjoertvedt (diskusjon) 3. desember 2012 kl. 21:09 (CET)[svar]

Hadde vore kjekt, men eg er ikkje kome til landet då. --Frokor (diskusjon) 3. desember 2012 kl. 21:15 (CET)[svar]