Black Mountain Side
Black Mountain Side Song av Led Zeppelin frå albumet Led Zeppelin | ||
Utgjeve | 12. januar 1969 | |
Innspelt | Oktober 1968 | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 2:12 | |
Selskap | Atlantic | |
Tekstforfattar | Jimmy Page | |
Låtskrivar(ar) | Jimmy Page | |
---|---|---|
Produsent | Jimmy Page |
«Black Mountain Side» er ein instrumental av det engelske rockebandet Led Zeppelin som i 1969 vart gjeven ut på debutalbumet Led Zeppelin. Han vart innspelt i Olympic Studios i London i oktober 1968.
Songstruktur
[endre | endre wikiteksten]«Black Mountain Side"» var inspirert av den tradisjonelle irske folkesongen «Down by Blackwaterside». Gitararrangementet ligg tett opp til versjonen til Bert Jansch av denne songen, som vart spelt inn i 1966 for albumet hans Jack Orion.[1] Dette arrangementet lærte han til Al Stewart, som igjen lærte han vidare til Jimmy Page, som var studiomusikar for debutalbumet til Stewart.[2]
Då songen vart spela på konsertane til Led Zeppelin, var han vanlegvis ein del av instrumentalen til Jimmy Page, «White Summer» og samla varte dei om lag 11 minuttar. Songen vart spela fram til den femte amerikanske turneen deira i 1970. Fleire år seinare vart han henta fram att i 1977, 1979 og 1980.[3] «Black Mountain Side» vart òg nytta som introduksjon til «Kashmir» på den siste turneen. Det finst ein konsertversjon av songen på Led Zeppelin DVD, frå Royal Albert Hall i 1970. «White Summer»/«Black Mountain Side» vart gjeven ut på albumet Coda frå 1982.
Page spela seinare songen då han var med i bandet The Firm, ei gruppa han starta i lag med Paul Rodgers.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Black Mountain Side» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, by Chris Welch, ISBN 1-56025-818-7
- The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, by Dave Lewis, ISBN 0-7119-3528-9
- ↑ Kennedy, Doug (1983). The Songs and Gitar Solos of Bert Jansch. New Punchbowl Music. s. 21.
- ↑ Harper, Colin (2006). Dazzling Stranger: Bert Jansch and the British Folk and Blues Revival (2006 edition). Bloomsbury. s. 99–100. ISBN 0-7475-8725-6.
- ↑ Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.