Bertel O. Steen
Utsjånad
Bertel O. Steen er eit norsk konsern som vart grunnlagd i 1901 av Bertel Otto Steen, med agentur for jern/metall, Gillette barberblad og Colt handvåpen.
Føretaket formidla bilar for første gong i 1907. Tre bilar av merket Cadillac som ein amerikansk forretningskontakt hadde sendt. To år etter kom bilsalget inn i organiserte former, da firmaet byrja som agentur for Humber, Fiat, Stöwer og Nagant.
Bertel O. Steen-konsernet er i dag eit av dei største service- og handelsselskapa i Noreg, og importerer bilmerka Mercedes-Benz, Peugeot, Smart og Kia. Steen er Noregs eldste bilimportør som framleis driv med import av bilar.
Bilhistorie
[endre | endre wikiteksten]- 1907 3 bilar av merket Cadillac seld gjennom eige agentur.
- 1907 Starta import av Mercedes-Benz lastebilar
- 1930 Starta import av Peugeot
- 1934 Starta import av Wanderer
- 1972 Tok over all import av Mercedes-Benz
- 1980 Starta import av Daihatsu
- 1995 Starta import av Kia
- 2003 Kjøpte importverksemda for Chrysler, Jeep og Dodge frå Møller US Import AS
- 2003 Starta import av Smart bilar