[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Bagasje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ski sende som reisegods av NSB i 1964
Foto: Leif Ørnelund/Oslo Museum

Bagasje, ferdagogds, reisegogds, eller oppakning er utstyr og eigedelar ein har med seg på reise. Dette kan ein anten bera med seg eller lastakløvdyr eller fargreier.

Det finst ulike innretningar til å pakka bagasje i, som veske, ryggsekk, kløv, meis, koffert og reisekiste. Ein kan også flytta bagasje ved hjelp av traller, bagasjeband og ulike køyretøy. Transportmiddel kan ha særskilde stader å oppbevara bagasje på, som bagasjerom på bil, bagasjehylle på tog eller lasterom på fly.

Ordet bagasje kjem frå fransk bagage og opphavleg frå gammalprovençalsk.[1] Det er avleidd frå mellomalderlatin baga, 'sekk'. I overført tyding kan bagasje visa til kvalifikasjonar eller livserfaringar.[2] Kvart einskild stykke reisegods kan ein kalla kolli (fleirtal av italiensk collo, 'nakkebør'.[3]

Bagasjereglar

[endre | endre wikiteksten]

Ved flyging finst det ulike reglar for bagasje knytte til vekt, storleik og innhald. Kvar passasjer har gjerne ein viss vektkvote for kor mykje dei kan ta med seg. I tillegg finst det maksgrenser for kvart kolli. Handbagasje og send bagasje har ulike reglar for storleik. Farleg materiale som gassar, våpen og sprengbart materiale er heller ikkje lov å ha med seg i bagasjen.

  1. «bagasje» i Nynorskordboka.
  2. «bagasje - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 27. oktober 2019 
  3. «kolli» i Nynorskordboka.