[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Arnold Holmboe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnold Holmboe

Fødd11. mars 1873
Beitstad
Død27. juli 1956 (83 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, jurist
Alle verv

Arnold Holmboe (11. mars 187327. juli 1956) var ein norsk jurist, næringsdrivar og Venstre-politikar, fødd i Beitstad. Han var i 1920-åra statsråd i Blehr II-regjeringa og den fyrste Mowinckel-regjeringa.

Holmboe tok juridisk embetseksamen 1900. Han hadde så advokatpraksis i Steigen, Harstad og Tromsø, før han var direktør i Tromsø Sparebank frå 1913 til 1928. Deretter var han til 1943 direktør ved Vinmonopolet.

Frå 1907 var Holmboe medlem i Tromsø bystyre og ordførar i fleire periodar. Dei to treårsbolkane 1922-24 og 1928-30 var Venstre-mannen Holmboe stortingsrepresentant frå byane i Nord-Noreg; Bodø, Narvik, Tromsø, Hammerfest, Vardø og Vadsø. Han var justisminister 1922-23 i ei regjering leidd av Otto Blehr og finansminister 1924-26 då Johan Ludwig Mowinckel hadde sin fyrste statsministerperiode.

Holmboe gav i 1943 ut ei bok med sine omsetjingar av den greske poeten Anakreon, med tittelen Anakreons sange.

Han var medlem i Undersøkelseskommisjonen av 1945 og komiteen som granska verksemda til Noregs Bank i okkupasjonsåra.