[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Alan Turing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alan Turing

FøddAlan Mathison Turing
23. juni 1912
Maida Vale, Warrington Lodge
Død7. juni 1954
Wilmslow
NasjonalitetStorbritannia
OmrådeKryptoanalyse, datateknikk, matematikk, logikk, kryptografi
Yrkeinformatikar, matematikar, universitetslærar, kryptograf, logikar, statistikar, maratonløpar, AI-forsker
InstitusjonarVictoria University of Manchester
Government Communications Headquarters
University of Cambridge
National Physical Laboratory
Alma materKing's College
Princeton University
Sherborne School
Hazlehurst Community Primary School
DoktorgradsrettleiarAlonzo Church
SambuarChristopher Morcom
MedlemRoyal Society
Statue av Alan Turing

Alan Mathison Turing (23. juni 19127. juni 1954) var ein britisk matematikar og logikar.

Turing er sett på som grunnleggaren av teoretisk datavitskap, spesielt på grunn av Church-turing tesen, og gjorde mykje arbeid med å formalisere kva det vil seie at noko er kalkulerbart med ein algoritme. Til dette brukte han det matematiske konseptet som seinare blei kjent som ein turingmaskin.

Under andre verdskrigen jobba Turing som kodeknekkar og var leiar for gruppa som knekte Enigma-koden ved Bletchley Park i England.

Turingtesten var ein test Turing fann på for å sjå om ein maskin kunne utvise menneskeleg intelligens. Testen, som berre reiknar intelligens på åtferdsnivået, er svært omdiskutert.[treng kjelde]

Etter krigen blei Turing dømd for homofili, som på den tida var straffbart i Storbritannia. Han mista tryggleiksklareringa si og blei tvungen til å ta hormonbehandling. Han døydde kort tid etterpå, mest truleg for eiga hand.

Spire Denne matteartikkelen som har med data å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.