[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Al Ain-oasen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al Ain-oasen
oase
Al Ain-oasen
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Del av Cultural Sites of Al Ain (Hafit, Hili, Bidaa Bint Saud and Oases Areas)
Koordinatar 24°13′01″N 55°45′43″E / 24.217°N 55.762°E / 24.217; 55.762
Kart
Al Ain-oasen
24°13′01″N 55°45′43″E / 24.217°N 55.762°E / 24.217; 55.762
Kart som viser Al Ain-oasen.
Kart som viser Al Ain-oasen.
Kart som viser Al Ain-oasen.
Wikimedia Commons: Al-Ain Oasis

Al Ain-oasen er den største oasen i byen Al Ain i emiratet Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata.[1]

Han ligg nord for Al Mutawa'a og aust for Al Jhali. Sentrum av Al-`Ain ligg i nord med grensa mellom Al-`Ain by og den omanske byen Al Buraimi i nordvest.

Falaj-systemet i Al Ain-oasen.

Like ved oasen ligg Al Ain nasjonalmuseum i aust og Al Ain palassmusem i vest.

Oasen er kjend for det underjordiske vatningssystemet «falaj» som fører vatn frå borehol til gardar og palmetre. Falajsystemet er eit eldgammalt system som er datert tusenvis av år attende og er mykje nytta i Oman, Dei sameinte arabiske emirata, Kina, Iran og andre land.

Al-Ain by har sju oasar. Den minste er Al Jahili-oasen. Dei andre er Qattara, Al Mutaredh, Al Jimi, Al Muaiji og Hili.